Du er her:

Nesten tørrlagt inngang til beverhytta

Nesten tørrlagt inngang til beverhytta.

Nedtapping av Gangåsvatnet - krav om revisjon av reguleringsvilkåra

Gangåsvatnet er nedtappa så sterkt at Svorkmyran naturreservat og andre våtmarksområde rundt Gangåsvatnet er tørrlagt. Verneforskrifta for Svorkmyran naturreservat har eit uttrykkeleg forbod mot tørrlegging. Vi har skrive brev til Fylkesmannen, som har forvaltningsansvaret for Svorkmyran, for å få avklart kva som er overordna, verneforskrifta eller reguleringsvilkåra frå 1922. Vi har også skrive til NVE og kravd revisjon av reguleringsvilkåra. NVE vil vurdere spørsmålet til hausten.

Svorkmyran naturreservat er eit flott våtmarksområde med gode vilkår for vegtasjon, fugl, insekt, fisk og andre vasslevande dyr, inkludert bever.  I verneforskrifta står det uttrykkeleg at det er forbod mot tørrlegging.

14.07.18 vart vi oppringt av Jan Waage, hytteeigar ved Gangåsvatnet, og han varsla om sterk nedtapping.
Steve Halsetrønning og Mads Løkeland drog på befaring, og det var eit verkeleg trist syn.  Bekken, som normalt slyngar eg full nedover i området, gjekk no nesten tom, berre med bekkvatn i botn.  Inngangen til beverhytta var nesten tørrlagt, og i følgje Waage hadde han ikkje observert vellukka hekking i området i år.  Tidlegare var området oversvømt, og no var det tørrlagt.

Kva er overordna, reguleringsvilkåra eller verneforskrifta?

Verneforskrifta for Svorkmyran naturreservat frå 1983, har uttrykkeleg forbod mot tørrlegging.  Reguleringsvilkåra frå 1922 tillet 3 meter regulering av vasstanden mellom to fastlagde nivå.  Det er openbart at så stor variasjon av vasstanden i sesongen er skadeleg for verneformålet, både fordi området kan vera oversvømt og/ eller tørrlagt i hekkesesongen.  Då er spørsmålet, kva er overordna, verneforskrifta eller reguleringsvilkåra.  Vårt syn er at det er er ulovleg å redusere vasstanden så mykje at området i praksis er tørrlagt i sesongen, sjølv om reguleringsvilkåra opnar for så stor regulering.  Vi har skrive brev til Fylkesmannen i Trøndelag, som har forvaltinga av naturreservatet, for å få avklart dette spørsmålet.

Krav om revisjon av reguleringsvilkåra

Vi har tidlegare vore kontakta av Stokkhaugen hytteforening, som har bede om nye reguleringsvilkår.  Som eit følgje av dette, skreiv vi også til NVE og kravde revisjon av reguleringsvilkåra, som har vore uendra sidan 1922, og som ikkje har miljømessige tiltak.

NVE startar behandlinga hausten 2018

I eit oppslag i avisa Sør Trøndelag, 17.07.2018, bekrefter NVE at dei har motteke krav om revisjon av reguleringsvilkåra, og at sakshandsaminga vil starte til hausten.

Oppslag i avisa Sør Trøndelag 17.07.2018

 

Artikkelen ble sist oppdatert: 31.08.2018