Du er her:

Foto: Livar Ramvik

Foto: Livar Ramvik.

Oppdrettsanlegg utan forureinande utslepp

Naturvernforbundet i Trøndelag og Norske Lakseelver sendte 08.12.2020 felles brev til alle trønderske kyst- og fjord-kommunar om å innføre strengare vilkår for anlegg, i samband med rullering av kommuneplanane, og ved dispensasjonar. Målsettinga er å starte på vegen fram mot ei oppdrettsnæring med mindre miljøbelastning.


 

Til kyst- og fjordkommunane i Trøndelag

                                                                                                                              Trondheim og Rennebu 08.12.2020

Oppdrettsanlegg utan forureinande utslepp

For å redusere forureining og ulike former for smitte frå oppdrettsanlegg langs Trøndelagskysten, ber vi kommunane om å innføre strengare vilkår for anlegg, i samband med rullering av kommune­planane, og ved dispensasjonar. Målsettinga er å starte på vegen fram mot ei oppdrettsnæring med mindre miljøbelastning.

Vårt forslag til formulering:

"Ved etablering av nye lokalitetar, eller vesentlege endringar på eksisterande lokalitetar skal det ikkje vera utslepp av organiske partiklar til resipienten."

Grunngjeving:

  1. VRL (Vitenskapelig råd for lakseforvaltning) set genetisk innblanding frå rømt oppdrettslaks og ulike former for infeksjon frå akvakultur som dei største trugsmåla mot villaks, og seier samtidig at dette problemet kan bli redusert med strengare tiltak[1]:
    • «Rømt oppdrettslaks, lakselus og infeksjoner knyttet til fiskeoppdrett er de største truslene mot villaksen.»
    • «Trusselen fra infeksjoner i fiskeoppdrett er et aktivt problem som øker når produksjonen i åpne anlegg i sjøen øker.»
    • VRL uttrykker at «helt eller delvis lukkede anlegg» vil gje gode resultat: «Med et visst omfang kan effekten av slike endringer over tid være positiv.»
  2. Lusemiddel og andre kjemikal som blir brukte i opne anlegg, har skadeleg effekt på andre marine organismar. Bruken av slike middel kan bli vesentleg redusert i anlegg utan overføring av smittestoff.
  3. Det har vore reist spørsmål og kritikk om overfiske av leppefisk til bruk mot lakselus. Med anlegg utan utveksling av organiske partiklar til omverda, vil behovet bli vesentleg redusert.
  4. Fôrspill og avføring vil bli samla opp, i staden for å bidra til forureining og økt tilførsel av næringssalter til havet. Dette kan bli samla opp til bruk i biogassanlegg og som gjødning, som et ledd i ein sirkulærøkonomi.

Vi vil vidare vise til Norsk Industris vegkart for havbruksnæringa, der eit av tre hovudmål er:

«Innen 2030 må oppdrett av laks skje med en teknologi som eliminerer problemene med lakselus, hindrer rømming og tar vare på verdien av partikulært materiale.[2]»

Situasjonen med «trafikklys» for Nord- og Sør Trøndelag (PO7 og PO6)
Produksjonsområde 7 (Nord-Trøndelag med Bindal) vart sett i grønt av fiskeriministeren, mens ekspertgruppa ville ha området i gult. Det vil seia at samla belastning i PO7 er i grenseland mellom grønt og gult. Ytterlegare auke med opne merdar, vil definitivt kunne bringe PO7 over i gult – kanskje til og med over i raudt. Dersom det blir raudt, må oppdrettarane i sonene kollektivt redusere produk­sjonen med 6% i 2022. Blir det gult, er det foten ned for ytterlegare vekst i hele sona. Ei tilsvarande utvikling kan raskt koma i PO6 (Nordmøre og Sør-Trøndelag).

Krav om utsleppsfrie anlegg i kommunens arealplan vil vera eit bidrag til å halda sonene PO6 og PO7 på grønt nivå, og vil også vere eit bidrag til å sikre arbeidsplassar og kommunal økonomi for framtida.

Kommunens rett til å stille krav
Det har vore reist spørsmål om kommunane har rett til å stille slike krav. Vi hevdar at dei i tillegg til rett, faktisk har plikt.

Gjeldande lovverk
Naturmangfaldlova er ei sektorovergripande lov, som skal gjelde i all forvalting. Nml § 26 (a) gir direkte pålegg om å gjennomføre EUs vassrammedirektiv.

I direktivet heiter det:

«Formålet med dette direktiv er å fastsette en ramme for vern av innenlands overflatevann, brakkvann, kystvann og grunnvann for å…

c) sikte mot styrket vern og forbedring av vannmiljøet, blant annet gjennom spesielle tiltak for gradvis reduksjon av utslipp og tap av prioriterte stoffer og opphør eller utfasing av utslipp og tap av prioriterte farlige stoffer.»

Eit krav frå kommunen om null utslepp av organisk materiale frå akvakultur, vil oppfylle punkt C) i vassrammedirektivet. Kommunen har ei lovpålagt plikt til å oppfylle vass­ramme­direktivet, og kan oppfylle dette ved å stille vilkår til akvakultur.

Kommunens rett til å stille vilkår
Med grunnlag i norsk rett, har alle kommunar rett til å stille grunngjeve og saklege vilkår ved løyve. Kommunens rett til dette er slått fast i avgjerd i Høgsterett 2003[3], der Bærum kommune fekk medhald i at kommunen kunne stille vilkår dersom «vedtaket er saklig begrunnet».

Tilsvarande kjem også fram gjennom forarbeida til plan- og bygningslova.

Plan- og bygningslova § 19-2; «kommunen kan gi … dispensasjon … Det kan settes vilkår for dispensasjonen».

Ot.prp.nr 32 (2007-2008) Om lov om planlegging og byggesaksbehandling[4] (plan- og bygningslova) s.242: (forarbeidene) «Første ledd andre punktum viderefører adgangen til å sette vilkår for dis­pensa­sjon, jf. dagens § 7. Her har bestemmelsen samme innhold som uskreven, alminnelig for­valtnings­rett (vilkårslæren).»

Vi vil vidare vise til plan og bygningslova § 11-9 nr. 6, som gir kommunen heimel til å stille vilkår om miljøkvalitet:

«Kommunen kan uavhengig av arealformål vedta bestemmelser til kommuneplanens arealdel om miljøkvalitet, estetikk, natur, landskap og grønnstruktur, herunder om midlertidige og flyttbare konstruksjoner og anlegg».

Plan- og bygningsloven § 11-9 nr. 6 gir planmyndigheten heimel for å fastsette andre typar planvilkår om akvakultur enn det som følgjer av den sokalla «akvakulturbestemmelsen» i plan- og bygningslova § 11-11 nr. 7. Dette er to sjølvstendige heimlar som verken står i motstrid eller på anna vis utelukkar kvarandre, men gir planmyndigheita rett til å fastsette vilkår om ulike tilhøve ved oppdretts­verksemda. 

Beste helsing

Vegard Heggem
Prosjektleder Norske Lakseelver
Mads Løkeland
Styremedlem Naturvernforbundet i Trøndelag

[1] RAPPORT FRA  VITENSKAPELIG RÅD FOR LAKSEFORVALTNING, NR 11, Status for norske laksebestander i 2018.

http://hdl.handle.net/11250/2503390

Artikkelen ble sist oppdatert: 04.01.2021