Du er her:

Remmafjellet - eit flott naturområde, populært for friluftsliv.

Remmafjellet - eit flott naturområde, populært for friluftsliv. Foto: Åge Røe

Remmafjellet - berga frå vindkraft

Olje og Energidepartementet gav i dag Statkraft melding om at dei ikkje får utsett frist for å byggje anlegg for vindindustri på Remmafjellet. Det vil seia at Statkraft ikkje lengre har konsesjon. Takk til alle som har stått på for å verne Remmafjellet mot nedbygging, spesielt folk i gamle Snilljford kommune.

Statkraft hadde konsesjon for å byggje vindkraft på Remmafjellet, men med frist for igangsetting 20. oktober 2020. Dei søkte om utsett frist til 2024. Vi og mange andre gjekk mot utsettinga. NVE avslo Statkrafts søknad, og Statkraft klaga til Olje og Energidepartementet, som i dag gjorde vedtak om å oppretthalda avslaget.

Det same gjeld Statkrafts planlagde anlegg på Kvinesheia i Kvinesdal.

Samtidig må vi gratulere folk på Møre, som i mange år har jobba hardt mot Havsul I, eit anlegg i fjøresteinane på kysten, og rett i viktige fugleområde. NVE hadde opphavleg gjeve utsetting, noko som vi var mange som klaga på. OED har kome til at dei skal gje klagarane medhald, og dermed har heller ikkje Havsul I fått utsetting.

Viktig framover

Fortsatt er område på Svarthammaren og Remmafjellet regulert til vindkraft i kommuneplanen. No skal det bli ny arealdel for kommuneplanen, og då er det viktig å passe på at desse områda blir tilbakeført til LNF-område (Landbruk, Natur og Friluftsliv).

 

Artikkelen ble sist oppdatert: 26.03.2021