Du er her:

Foto: Steve Halsetrønning

Foto: Steve Halsetrønning.

Slåttedag på Bjørndalen 23. august 2020

Bjørndalen gard ligg vakkert og fritt, med utsikt mot Grytdalen, og er eit fint turmål frå Fjellkjøsvatnet og frå Songli. ​​​​​​​I 2015 starta vi arbeidet med å gjera Bjørndalen til eit enno betre turmål og å ta vare på den utryddingstruga naturtypen slåttemark rundt Bjørndalen. Vi har rydda og slått kvart år, og 23. august 2020 er årets slåttedag, og 5. året med rydding og slått, vi og ønskjer alle hjarteleg velkomne.

I fjor var det 40 deltakarar og god stemning. Vi må vel halda litt lengre avstand mellom oss i år, men det er god plass på Bjørndalen.

Det blir servering av kaffe og vaflar, men annan mat må de ta med sjølv.

Slik finn du fram

Køyr FV710 frå Orkanger mot Agdenes, og ta av mot Husdal i Geitastrand.  Passer bom (kr 60) og køyr vidare til bom ved Fjellkjøsvatnet.  Bommen er vanlegvis stengt, men open dugnadsdagane.   Fortsett 1,7 km til enden av vegen og gå 20 minutt på sti med nokre våte parti til Bjørndalen.

Eller: Parkere på Songli og gå vegen innover i Grytdalen.  Ta av til høgre mot Bjørndalen på sti (merka).  Ca 1 time.

Helsing Grytdalens venner og Naturvernforbundet i Orklaregionen

 

Artikkelen ble sist oppdatert: 16.08.2020