Du er her:


Slåttedugnad på Bjørndalen - 22. august 2021

Vi har hatt slåttedag på Bjørndalen kvart år sidan 2015, for å restaurere slåtteengene og ta vare på det biologiske mangfaldet. Du kan vera med på å rake, kanskje slå med ljå, og gjenskape gode livsvilkår for blomar, insekter, fuglar og anna levande liv. Bjørndalen er også eit fint turmål for familiar. I år vil 27 sjarmerande killingar og geiter under leiing av bukken Kratt-knuse ønskje deg velkomen til Bjørndalen.

Slåttedagen 22.08.2021 blir det aktivitet på Bjørndalen frå kl 10:00

Den innerste bommen står open frå 10:00 til 15:00.  Ver merksam på at det er særs dårleg dekning for mobiltelefon i området.
Vi passar på smittevernreglane og stiller med kaffe og vaflar. Annan mat og drikke må de ta med sjølv.

Hjarteleg velkomne!

Skjøtselen av slåtteengene er støtta økonomisk av Statsforvaltaren, og er eit viktig tiltak for å ta vare på det biologiske mangfaldet.

 Slik finn du fram til Bjørndalen

Ta FV710 frå Orkanger mot Agdenes, og ta av mot Husdal i Geitastrand.  Passer bom (kr 60) og køyr vidare til bom ved Fjellkjøsvatnet. Bommen er open dugnadsdagen. 1,7 km til enden av vegen og 20 minutt på sti til Bjørndalen.

Eller: Parkere på Songli og gå vegen innover i Grytdalen.  Ta av til høgre mot Bjørndalen på sti (merka).  Ca 1 time.

 

Artikkelen ble sist oppdatert: 18.07.2021