Du er her:


Foto: Mads Løkeland-Stai

Vardetenning mot vindkraft minst 250 plassar omkring i landet

I vår region var det vardetenning mot vindkraft på Hartinnan (Ytre Snillfjord), Raudhåmmaren (Orkanger), Røåsen (Berkåk), og fleire andre stadar.

Vindkraftanlegget på Geitfjellet, og det enorme veganlegget, har vist tydeleg kor store inngrep det dreier seg om. I vår region er det Remmafjellet og Svarthammaren i gamle Snillfjord og Ilfjellet på grensa mellom Orkland og Rennebu som er truga av utbygging.

I gamle dagar varsla vardane fare og samling om motstand mot fare. Det gjer dei fortsatt. 

På Raudhåmmaren, rett opp for Orkanger, fekk vi god fyr på bålet. Det var mykje regn, men veden var tørr, frakta opp nokre dagar tidlegare av ein støttespelar. Hjarteleg takk.

Artikkelen ble sist oppdatert: 09.10.2020