Du er her:


Foto: Åge Røe

Vellukka rydding i Håvika 5. juni 2021

5. juni var verdas miljødag, og den dagen markerte vi med rydding i Håvika ved Moldtua i gamle Snillfjord kommune. 6 deltakarar rydda ca. 1400 liter avfall; taugverk, ulike plastartiklar, skrapmetall og noko impregnert treverk.

Vi var heldige med været, og fekk rydda omlag 400 meter av stranda.  Det viktigaste tiltaket mot plasforsøpling er å få gjort noko med sjølve utsleppet, og den store mengda med taugverk kjem sannsynlegvis frå båtar og oppdrett.

Likevel, det er viktig å fjerne det som driv i land, og forureinar strendene. Erfaringa frå nokre mindre øyer viser at over ganske store område er landskapet bygget opp av ei blanding av jord og plast. Det er ikkje mykje meitemark og anna småliv å finne på slike stadar.

Takk til dei som deltok.

Artikkelen ble sist oppdatert: 08.06.2021