Du er her:

Vindkraft medfører store inngrep og mange vegar.  Bessakerfjellet 2007. Foto: Mads Løkeland

Vindkraft medfører store inngrep og mange vegar. Bessakerfjellet 2007. Foto: Mads Løkeland.

Håp for Storheia - stans vindkraftplanane

FNs komité for menneskerettar (Cerd) har vedteke å starte behandling av ein klage frå Sør-gruppa av reindriftsamar på Fosen, og har kravd at Noreg stansar utbygginga på Storheia inntil Cerd er ferdig med behandlinga. Dette gir håp for at det skal vera mogleg å stanse ein del av den vanvittige nedbygginga av naturområde i Noreg i alle fall i samiske område i nord og sør.

14.12.18 vart det sendt inn innlegg til media om dette:

Håp for Storheia

Takk til reindriftssamane i Sør-gruppa på Fosen som har gjort eit stort arbeid opp mot FNs komité for menneskerettar (Cerd).

Takk til Cerd som har akseptert å behandle klagen, og har kravd at Noreg stansar vidare arbeid med å rasere naturen på Storheia med eit industrianlegg for vind, som eit av dei store i europeisk samanheng.  Vi reknar det som sjølvsagt at regjeringa følgjer Cerds krav om stans.

Vi håper at Cerd gir samane medhald i klagen, og at Storheia og mange andre av dei planlagde vindkraftanlegga i samiske område i sør og nord blir stansa.  Vi er sterkt uroa over det ekstreme omfanget som Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) har lagt fram når det gjeld «nasjonal ramme for vindkraft på land», både i samiske område, og i naturområde lengre sør.

Dette kan føre til den største nedbygging av norsk natur nokon sinne, og det er grunn til å minne om kva type inngrep i naturområde som kjem med dei uskuldige orda «vindpark» og «vindmøller».  Dette er natur omgjort til industriområde med enorme vindturbinar, med breie vegar på kryss og tvers, som drenerer myr og skjærer gjennom knausar.  Det er stor menneskeleg aktivitet, også etter utbygginga, for vindkraftanlegg treng mykje tilsyn, og dei gir mykje lyd og forstyrring.  For fleire dyr og plantar blir dette tapte, eller sterkt skadde leveområde, og tap av areal er internasjonalt den viktigaste årsaka til tap av biologisk mangfald, som Noreg har forplikta seg til å stanse innan 2020.  I tillegg kjem tapet av inngrepsfri natur som rekreasjonsområde/ friluftsområde for oss menneske.

Vi minner om at ein kan frigjera mykje fornybar energi gjennom energieffektivisering i industri, bygg, gamle kraftverk etc, men det krev skikkeleg satsing, for eksempel ved å innføre kvite sertifikat til premiering av energieffektivisering til erstatning for dagens elsertifikat, som berre premierer ny energi.  Det er også grunn til å peike på det enorme potensialet for vindkraft til havs, som ved god planlegging vil gje langt mindre naturinngrep enn vindkraft på land.

  • Kjell M. Derås – sentralstyremedlem i Naturvernforbundet
  • Magne Vågsland - Naturvernforbundet i Sør Trøndelag
  • Mads Løkeland - Naturvernforbundet i Orklaregionen

Artikkelen ble sist oppdatert: 16.12.2018