Du er her:

Fråsegn frå landsmøtet 2018: OED må seia nei til ny utbygging i Langedalselva, Møre og Romsdal

Langedalselva er eit vassdrag som startar ved grensa til Sogn og Fjordane og ender på Hellesylt i den mektige fossen som kvart år visast etter Kongens tale. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal gjorde eit årsmøtevedtak i 2006 som seier at Langedalsvassdraget, frå Sogn og Fjordane grense til Hellesyltfossen, er det mest verneverdige vassdraget på Sunnmøre og i Nordfjord. Likevel er det etter 2006 bygd to store kraftverk langs denne elva.

Trass sterke protester vart det våren 2017 gitt konsesjon til enda to kraftverk. Ein sparar Hellesyltfossen, men kan likevel ende opp med fire øydeleggjande inngrep langs det som vart rekna som den mest verneverdige elva. 

Naturvernforbundet har klaga på konsesjonen til Langedalselva kraftverk. Eit av hovudpunkta i klaga er den samla belastning på vassdragsnaturen. Dersom ein skal kunne mene noko med samla belastning på eit vassdrag, må den nye utbygginga av Langedalselva stoppast.

Andre hovudpunkt i Naturvernforbundet sin anke er; Opplevingskvalitetar, elva som landskapselement og manglar i biologisk kartlegging.

I brev frå Olje- og Energidepartementet som svar på ankesaka for dei to første kraftverka, vert det lova ei oppfølgjande undersøking av den store fossekallbestanden i Langedalsvassdraget: Sitat frå brev datert 11.desember 2008:

Departementet er samd med NVE i at dei samla utbyggingstiltaka i Langedalsvassdraget gjev grunnlag for ei etterfølgjande undersøking av tilhøva for fossekall. Ansvaret for pålegg om slike undersøkingar ligg til fylkesmannen (Møre og Romsdal fylke), jf. Post 5 i vilkåra for konsesjonen.

Disse undersøkingane er ikkje gjort, og må sjølvsagt gjerast før nye kraftverk i same elva får løyve.

Det er også svært mangelfulle undersøkingar av fossesprøytsonene i vassdraget.

Langedalselva har lett tilgjengelige elvejuv. Med lite eller ingen tilrettelegging er elva svært verdifull for den planlagde satsinga på naturbasert reiseliv i regionen. Det er ikkje mange stadar ein får eit så kraftig og nært møte på naturen på ein så enkel måte. Utbygginga som no kan kome, er planlagt på ein slik måte at elva vert svært redusert for padle- og rafting- og andre friluftsinteresser.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har kome med motsegn, og det er klage frå Norsk Ornitologisk foreining og padlemiljøet. Tre grunneigarar har også anka konsesjonen, fordi dei berre har akseptert ei mindre utbygging enn den som fekk konsesjon.

Det bør vere innlysande at denne perla i norsk elvenatur langs innfallsporten til UNESCO-området Vestnorsk Fjordlandskap, vert verna til glede for komande generasjonar. 

Landsmøtet i Naturvernforbundet vil difor på det sterkaste oppmode OED om å seie nei til konsesjon for utbygging av Langedalselva kraftverk.

Artikkelen ble sist oppdatert: 21.04.2018