Du er her:

Å dumpe restmassane frå gruvedrift i dei norske fjordane er svært skadeleg for naturen i havet, ein trussel mot berekraftige arbeidsplassar i distrikta og er ei direkte sløsing med mineralressursar som kan nyttast, står det i uttalelsen fra Naturvernforbundets landsmøte. Foto: Wim Lassche

Å dumpe restmassane frå gruvedrift i dei norske fjordane er svært skadeleg for naturen i havet, ein trussel mot berekraftige arbeidsplassar i distrikta og er ei direkte sløsing med mineralressursar som kan nyttast, står det i uttalelsen fra Naturvernforbundets landsmøte. Foto: Wim Lassche.

Regjeringa må trekkje utsleppsløyvet til gruvedumping i Førdefjorden!

Noreg er no eitt av tre land i verda som framleis tillét dumping av gruveslam i sjø. Likevel har regjeringa gjeve nye løyve til å dumpe millionar av tonn gruveslam i norske fjordar. Naturvernforbundet krev at regjeringa trekkjer utsleppsløyvet som er gjeve til gruvedumping i Førdefjorden.

(Denne uttalelsen ble vedtatt på Naturvernforbundets landsmøte 25. april 2021.)

Då gruveselskapet Nordic Mining fekk utsleppsløyve i 2015, var grunngjevinga at samfunnsnytten ved prosjektet var større enn miljøulempene. I åra som har gått sidan den gong, har prosjektet blitt vesentleg endra. Dei nye planane har kraftig redusert uttak av malm, redusert tal på sysselsette og sterkt redusert driftstid, noko som gjer at den såkalla samfunnsnytta av prosjektet er sterkt redusert; det blir lågare inntekter, færre tilsette, og vesentleg kortare driftstid.

Samtidig er dei negative miljøkonsekvensane av prosjektet blitt større. Det er no planlagt bruk av andre og langt meir miljøgiftig kjemikal enn kva som låg til grunn i utsleppsløyvet. Vidare har Naturvernforbundet tidlegare avdekka at mikroplast vil inngå i restmassane som følgje av sprengingsaktiviteten i gruvene, utan at det er gjort  konsekvensutgreiing av dette. Mineralavfallsdirektivet krev avfallshandteringsplan, men slik plan føreligg ikkje.

Førdefjorden ligg midt i hjartet av det verdskjende, vestnorske fjordlandskapet og er i dag ein særs  rein og artsrik fjord, med fullt fungerande økosystem. Førdefjorden er nasjonal laksefjord, gytefjord og sjømatfjord, som har gitt grunnlag for busetting og næring i fleire tusen år, og som vil fortsette å vere ein evig, sjølvfornyande ressurs, viss vi forvaltar den rett. Det er også gjeve løyve til gruvedumping i Repparfjord, ein nasjonal laksefjord, slik som Førdefjorden. Nye kartleggingar frå Havforskningsinstituttet viser at begge desse fjordane er langt viktigare for gytande torsk enn tidlegare kjent.

Staten sine eigne rådgjevarar i marinfaglege spørsmål, Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet, har frårådd gruveutslepp i både Førdefjorden og Repparfjord grunna risiko for miljøskadar og konkluderte med at utsleppet ikkje representerte berekraftig bruk av fjorden.

Å dumpe restmassane frå gruvedrift i dei norske fjordane er svært skadeleg for naturen i havet, ein trussel mot berekraftige arbeidsplassar i distrikta og er ei direkte sløsing med mineralressursar som kan nyttast. Det strid også mot FN sitt berekraftmål nummer 14 om reint hav og berekraftig bruk og er i direkte konflikt med regjeringa sine ambisjonar om nullvisjon mot marin forsøpling.  Ikkje minst slår det internasjonale Havpanelet Erna Solberg leiar, alarm om situasjonen i havet og seier utslepp frå land må reduserast.  Norge kan ikkje i ein slik situasjon eskalere forureininga av havet ved å utvide med gruvedumping i to nye fjordar.

Vi er no i ein ny situasjon når det gjeld vurderinga av samfunnsnytte målt opp mot tap av miljøkvalitet. Vi innehar også ny kunnskap om ein dramatisk situasjon for havet og om at mineralutvinning kan gjerast utan gruvedumping i sjø eller miljøfiendtleg landdeponi. Det bør vere ulovleg å dumpe verdfulle mineralressursar som avfall, og norsk lov seier klårt at ein har plikt til å unngå forureining. Med bakgrunn i ein nullvisjon mot marin forsøpling er det eit naturleg krav at dei negative miljøkonsekvensane ved utslepp av gruveavfall i Førdefjorden må bli tillagt større vekt enn tidlegare. 

Naturvernforbundet, samla til landsmøtet, finn av ovannemnde grunnar at utsleppsløyvet til gruvedumping i Førdefjorden er ulovleg og krev at regjeringa trekkjer det tilbake.

Artikkelen ble sist oppdatert: 25.04.2021