Unik og sårbar

«Vår vassdragsnatur inneheld mykje levande rikdom. Mektige fossar og stilleflytande elver har forsynt menneska med gleder og føde i uminnelege tider», står det i innledningen til Naturvernforbundets nye vassdragsbrosjyre. Der pekes det på tretten vassdrag med så store naturverdier at de burde blitt vernet.

Last ned Naturvernforbundets nye vassdragsbrosjyre Vill, vakker og levande

«Noreg hadde 9 av dei 20 høgste fossane i verda. Veldige vassmengder styrta hundrevis av meter ned. Pr. februar 2019 har sju av dei ni tapt sin frie styrke. To tredeler av dei største vassdraga går no under jorda,
gjennom kraftverk. Vi risikerer å miste dei siste restane av frie elver som framleis fyller stryka under den livgjevande vårsola.

Naturvernforbundet kjempar for at elvene som enno renn fritt, skal vere ein del av eigenarten i vår natur. Noreg er fosselandet i Europa, og vi har det til låns frå dei som kjem etter oss. Vi treng ein utvida verneplan for vassdrag. Det er avslørt store manglar i den biologiske kunnskapen som skal forsvare naturen i konsesjonssaker om kraftverk. Dette kan ikkje halde fram.

I dette heftet vil vi fortelje om mykje av det som truar våre elver. Berre få av dei som ein gong steig og fall i naturleg rytme, gjer det framleis», står det i innledningen til vassdragsbrosjyren.