Du er her:

Hva mener vi?

Utdrag fra Naturvernforbundets prinsipprogram.

  • Menneska treng energi, og den må vere fornybar og klimavenleg, brukast effektivt og produserast og transporterast utan å skape ureining eller uoppretteleg skade på naturmangfaldet. Vi må nytte rett energiform til ulike bruksområde, og vi må effektivisere sjølve energibruken. Det inneber også at vi må gjere ei omlegging av energibruken, slik at fossil energibruk blir redusert og erstatta av fornybar energi. 
  • Det samla energiforbruket må reduserast og bli mest mogleg effektivt. Energieffektivisering og -sparing må premierast gjennom eigna verkemiddel. Det må stillast strenge krav til energibruk i bygningar. Desse krava må strammast inn med jamne mellomrom, slik at bygg og anlegg i størst mogleg grad er sjølvforsynt med energi, med lågt energiforbruk og ressursfotavtrykk i eit livsløpsperspektiv.
  • Norsk olje- og gassverksemd må trappast ned og gradvis fasast ut innan 2040, ved at det ikkje opnast for leiting og utvinning av olje og gass i nye område og med ein nedtrappingsplan som sikrar ei rettferdig omstilling for oljearbeidarane. 
  • Fossil energibruk i Noreg må fasast ut for å nå 1,5-gradersmålet. Energieffektivisering, nedgang i transportbehovet og ei utfasing av petroleumverksemda er dei viktigaste tiltaka. Ny fornybar energi må verke til å redusere forbruket av fossil energi, ikkje auke den samla energibruken. Ved all utbygging av fornybar energi må klimagassutsleppa og ressursbruken vurderast i eit  livsløpsperspektiv for produksjonen, og det må takast særskilt omsyn til naturmangfald, folkehelse, landskap og tradisjonelle naturbaserte næringar og samisk kultur og næringsutøving. 
  • Overføringsnett til andre land skal ha som mål å bidra til meir effektiv og fornybar energibruk, ikkje omfattande eksport av straum. Kraftutveksling med andre land bidreg til god utnytting av kraftressursane og reduserer behovet for reservekraft og  tilhøyrande naturinngrep og klimagassutslepp. Fordi transport av kraft inneber energitap og kan gje betydelege naturinngrep, bør det vere eit mål å utnytte energiressursane nær der dei oppstår, og til fortrenging av fossil energibruk i Noreg og i utlandet. 
  • Atomkraft inneber ein så stor fare for miljø og menneske i samband med produksjon og avfallshandtering at det er ei uakseptabel energikjelde. Det må derfor ikkje byggjast nye atomkraftverk i Noreg. Det må sikrast ei forsvarleg mellomlagring av det norske atomavfallet medan det blir førebudd ei permanent lagring i Noreg. Noreg må ta ansvar internasjonalt for å sikre menneske og natur mot atomforureining.
  • Noreg må fase ut eigne utslepp av klimagassar i tråd med sitt historiske ansvar. Som oppfølging av Paris-avtalen må Noreg kvart femte år melde inn stadig strammare mål for å redusere eigne klimagassutslepp, i tillegg til å finansiere klimatiltak i fattige land. 
  • Målet om å skape eit klimavennleg samfunn må leggje rammene for all sektorpolitikk, slik at alle samfunnssektorane blir omfatta av verkemiddel som sikrar varige reduksjonar i klimagassutsleppa. Når utstyr og arbeidskraft blir importert frå andre land, må det bli teke omsyn til ressursbruk og utslepp av klimagassar. 
    • Arbeidet for å tilpasse samfunnet til uunngåelege klimaendringar må styrkast. Naturen må forvaltast slik at økosystema blir mest mogleg robuste og i størst mogleg grad evnar å tilpasse seg eit klima i endring. 
    • Rike land som Noreg må ta eit særleg ansvar for å bidra til reduksjon av utslepp og sikre klimatilpassing i fattige land. Internasjonal kvotehandel og andre internasjonale tiltak må sikre reelle utsleppskutt og samstundes ivareta menneske og natur, og må kome i tillegg til nasjonale utsleppsreduksjonar.
  • Menneskelege inngrep og utbygging har ført til sterk reduksjon i inngrepsfrie område i Noreg. Denne utviklinga må stoppast. Dei områda som er att, må bevarast og kartleggast for verneverdige naturverdiar.
  • Det trengs omfattande tiltak for å sikre den unike vassdragsnaturen mot fleire inngrep. Verneplanen må utvidast og verna vassdrag må få sterkare vern. God økologisk tilstand må vere eit mål for alle vassdrag. 
  • Naturøydeleggjande vindindustri må stansast. Utbygging må avgrensast til mindre anlegg, i industrialiserte område. Der slike anlegg er bygd, må det bli stilt krav til sikring mot forureining og til garantiar for at område blir rydda etter at konsesjonstida går ut.

Artikkelen ble sist oppdatert: 12.05.2021