Du er her:

Vikingbåten "Havelgen" seglar for reine fjordar utan gruveavfall. Båt og Foto: Børje Møster

Vikingbåten "Havelgen" seglar for reine fjordar utan gruveavfall. Båt og Foto: Børje Møster.

Kva kan du gjere?

Engasjer deg! Naturvernforbundet har fleire lokal- og fylkeslag som jobbar med lokale gruveprosjekt. I tillegg har vi eit gruveutval som jobbar med nasjonal politikk.

Ta kontakt med ditt fylkeslag eller fagrådgjevar Jorunn Vallestad på jv@naturvernforbundet.no dersom du ynskjer å bidra i arbeidet. 

Sei di meining. Eit lesarinnlegg til lokalavisa eller eit «liker» på facebook. Alt hjelper for å løfte saka høgare på dagsorden. Du kan starte med å like sida «Nei til gruveavfall i norske fjordar» her. 

Ver med og sprei engasjementet! Snakk med familie, vennar og kollegaer om saka. Dess fleire som ynskjer å bevare fjordane fri frå gruveavfall, dess større er sjansen for å klare det. Kanskje kjenner du også ein politikar som blir glad for litt meir kunnskap om saka?

Vær ein bevist forbrukar. Mykje av minerala går til å produsere elektroniske duppedingsar vi brukar i kvardagen. Tenk gjennom om du treng den nye i-paden. Kanskje kan den kjøpast brukt? Hugs å levere gammal elektronikk tilbake til butikken. Dess meir vi gjennvinnar, dess mindre nye ressursar treng vi å utvinne.

Bli medlem!  Er du ikkje medlem i Naturvernforbundet endå? Vi treng alle dei støttespelarane vi kan få for å vinne kampen for dei reine norske fjordane. Om du allereie er medlem, kva med å verve ein venn? 

 

Artikkelen ble sist oppdatert: 02.07.2014