Du er her:

Fjorden er ingen søppelfylling, var den klare bodskapen på markeringa foran stortinget våren 2014

Fjorden er ingen søppelfylling, var den klare bodskapen på markeringa foran stortinget våren 2014.

Kva meiner vi?

Verden treng mineral, men ikkje i uavgrensa mengder, og ikkje til ein kvar pris. Om mineralnæringa skal ha ei framtid i Noreg må vi stille strenge miljøkrav som sikrar at utvinninga ikkje går på bekostning av viktige naturverdiar og naturbaserte næringar.

Det må vere eit reelt behov for mineralet. Gruveindustrien skaffar mange stoff som samfunnet treng, men ein må i kvar enkelt sak vurdere det reelle behovet for mineralet. Mineral er ikkje-fornybare ressursar, og det er derfor viktig med ein restriktiv politikk, spesielt der det er store negative miljøeffektar ved uttak.

Dumping av gruveavfall i sjø må bli forbode.  Som eit av berre fire land i verda dumpar vi i Noreg gruveavfall direkte i sjøen. Avfallet, som består av finmalt grus og slam blanda med kjemikalier, blir ført gjennom store røyr til botnen av fjordane. Massen blir der spreidd utover store areal og kvelar alt opprinneleg liv på havbotnen. I løpet av utsleppsperioden, som ofter er fleire titals år, vil det bygge seg opp eit heilt nytt landskap beståande av gruveavgang. Det tek mange år etter utsleppa er avslutta før det kjem liv tilbake til området, og sannsynlegvis vil vi aldri få tilbake den same artsamansetninga som før utsleppet byrja.  I tillegg til at fjordbotnen i deponiområdet blir lagt aude, blir kjemikaliar og små partikler virvla opp i vatnet og spreiar seg over store avstandar, til stor skade for fisk og andre organismar som lever i fjorden. Både miljø-, mat- og fiskerimyndigheitar har advart om konsekvensane av å dumpe gruveavfallet i fjordane. Sjømat- og reiselivsnæringa er bekymra for det internasjonale omdømmet til dei norske fjordane. Det er på tide å forby denne praksisen.

Målet må vere gruvedrift utan avfall.  Gjennom å utnytte ein større del av det ein tek ut av fjellet kan avfallsmengda reduserast kraftig. Overskotsmassen kan brukast som fyllmasse til vegar, flyplassar og liknande, til betong og mursteinproduksjon, som jordforbetringsmiddel eller til keramiske produkt. Den massen som ein sit att med etter god ressursutnytting og alternativ bruk, bør leggast attende i gruvegangane under drift, såkalla tilbakefylling i gruvene. Dette er ein mykje meir fornuftig forvaltning av mineralressursane enn å dumpe dei på havet, der dei vil vere tapt for alltid.

Vi må stille strenge miljøkrav til gruveindustrien. Dersom mineralutvinning skal ha ei framtid i Noreg må den bygge på fornuftig ressursbruk og ikkje gå på bekostning av viktige naturverdiar og bærekraftige næringar. Tidlegare gruvedrift har vist at mineralutvinning kan ha store miljøkonsekvensar. Naturvernforbundet har derfor utvikla ei liste over prinsipp for norsk gruvedrift, som vi meinar må følgjast om gruveindustrien skal ha ei framtid i Noreg. Denne kan du lese her.

Artikkelen ble sist oppdatert: 21.08.2014