Vi tar ikkje vare på natur og økosystem under vatn!

I dag var Naturvernforbundet i Agder og Naturvernforbundet i Kristiansand ute og inspiserte fjorden utanfor Randesund med ROV. Miljøentusiasten Bengt Øyvin Daatland var kjentmann og guide, og dykkarklubben i Søgne stilte med båt. SV, MDG og Fædrelandsvennen var med på turen.

Vi fekk sjå mykje lurv som tar over plassen for tang og tare. Med unntak av noko ålegras, så var det eit goldt landskap med dårleg livsgrunnlag for botndyr og fisk.

Kvifor har det blitt slik? Det veit vi for lite om. Men det kan komme av for mykje næringssalt frå aktivitetar på land, og det kan ha samanheng med auka temperatur på grunn av klimaendringane.

Då Kristiansand handsama ny arealplan for ei tid sidan, tok eg opp spørsmålet om å ta vare på natur og økosystem i sjø, ikkje berre på land. Men det fekk diverre liten plass i planen.

Kanskje det no er tid for å rette opp dette og kartlegge naturen og naturverdiane i sjø. Vi driv ein bit for bit-politikk og slår oss til ro med at kvart inngrep har moderat negativ konsekvens. Vi ser ikkje på den samla belastninga over tid og over større område slik vatndirektivet krev.

På nittitalet laga Kristiansand ein strandsoneplan for å redusere konfliktnivået om utbygging i strandsona. Kanskje det no er tid for ein ny strandsoneplan for å ta vare på livet i sjø utanfor strendene våre?

Av Alf Holmelid