Sjå fuglane på søndag

Søndag inviterar Vitengarden på Nærbø til aktivitetsdag. Museet kan by på ei eiga utstilling med fuglelydar og turar i Hanabergheia med fuglefolk frå NOF. Naturvernforbundet er tilstades med utstilling, fuglekassar og fuglelåtar.

unknown

Arrangementet startar kl. 12 og varer til kl. 17. Ta med kikkert og fuglebok om du har. Ta også med penger for då kan du kjøpe Naturvernforbundets flatpakka fuglekassar. Meisekassen kostar kr. 150,- og starekassen kr. 170. FugleCD´ar med 200 låter kostar kr 275,-. Viss du ikkje er medlem i Naturvernforbundet kan du bli det for berre 150,- kroner (familie), 100,- (vaksne) og 50,-  (studentar og pensjonistar).

Utstillinga vår om trua arter og naturtypar i Rogaland kostar det ingen ting å sjå. Det gjer heller ikkje naturkvissen. Alle som tek naturkvissen vert permiert. 

Vel møtt til Vitengarden på søndag.