Bjerkreimsvassdraget

Denne artikkelen er automatisk importert, og kan inneholde formatfeil. Ta kontakt med rogaland@naturvern.no dersom du vil vi skal redigere artikkelen.

NATURVERNFORBUNDET I ROGALAND

Uttale frå årsmøte i Naturvernforbundet i Rogaland, 20. mars 2004

Vern av vassdrag

– nå må det vere Rogaland sin tur!


I 2003 tapte me verneverdige vassdrag som Lingvong, Tengesdal, Maldal og Sagåna til nye turbinar i Sauda. Og det i eit fylke der nær sagt alt allereie var bygd ut. I 2004 må me, og skal me, verne om dei siste perlene som framleis renn i Rogaland. Det gjeld Bjerkreim-, Åbødalen-, Sokndalselva og Ognavassdraget.

Naturvernforbundet i Rogaland er kjent med at regjeringa denne våren vil legge fram ein stortingsproposisjon med forslag til supplering av verneplanen for vassdrag. Me vil difor minna om Sem-erklæringa som seier at «hensynet til kommende generasjoners naturopplevelser tilsier en restriktiv holdning til videre vannkraftutbygging, og at vi lar de aller fleste vassdrag som står igjen forbli urørt».

I Rogaland finn me i dag berre 15 av landets 350 verna vassdrag. Mange har difor stilt spørsmål om vassdrag og natur er mindre verdt i Rogaland enn andre stader? Svaret er sjølvsagt nei. Når fylket sine vassdragsperler gong etter gong ikkje har fått vernestatus, har ikkje dette vore på grunn av manglande verneverdiar, men på grunn av planar om kraftutbygging.

NVE vil følgje denne «tradisjonen». I si innstilling til supplering av verneplanen tilrår NVE at ingen vassdrag frå Rogaland blir verna. Det til trass for Stortinget sin oppfordring om geografisk fordeling. Dessutan skulle ein prioritere verdifulle, heilskaplege og urørte vassdrag med eit vesentleg konfliktpotensial i forhold til vasskraftutbygging.

Desse vassdraga MÅ vernast i Rogaland:

Bjerkreimsvassdraget

Suppleringa av verneplanen er siste sjanse til å sikre vern av det einaste gjenverande større vassdraget i Rogaland med moderate inngrep. Både p.g.a. stort nedbørfelt (ca. 700 km2), stor høgdegradient (0-1010 moh) og mange naturgeografiske regionar innan nedbørfeltet, er det representativt for mye av Rogaland sin vassdragsnatur. I høyringsdokumentet har Bjerkreimsvassdraget fått topp verneverdi (