Bli medlem

Dei fleste av oss meiner at det er viktig å ta vare på den vakre og varierte Rogalandsnaturen. Vi ynskjer oss rein luft og reint vatn, og eit mangfald av planter og dyr. Men presset på naturen i fylket er stort.

Auka folkevekst, god økonomi og høgt forbruk fører til stor byggeaktivitet. Vi må finne fram til ei utvikling som ikkje forringar miljøet rundt oss, og som ikkje fører til at verdifulle naturområde forsvinn.

Rogaland har bygd ut 70% av vassdraga sine. Dei inngrepsfrie naturområda i fylket minkar år for år. Berre 24 % av Rogalandsnaturen kan kallast inngrepsfri, mot 45 prosent for heile landet. Over 300 dyr og planter i fylket vert rekna som utryddingstrua. Fleire vatn og vassdrag på Jæren er sterkt ureina, og utslepp av klimagassar frå industri og bilpark aukar i takt med velstanden vår.

Naturvernforbundet i Rogaland kan ikkje løyse desse miljøutfordringene utan deg. Stemma vår må høyrast når det vert teke avgjerder som kan skade Rogalandsnaturen! Fleire medlemmer i ryggen tyder større tryggleik for natur og miljø i heile fylket. Derfor vil vi gjerne ha deg med som medlem i Rogaland si største og eldste naturvernforening.

Velkommen til oss!

Som medlem får du tidskriftet «Natur og Miljø» seks gonger i året og «Rygjavern» tre gonger i året. I forbindelse med vår naturmangfoldutstilling på Vitenfabrikken frå 19.09 til 22.11 kan vi tilby følgjande medlemsprisar som gjeld ut 2009 og heile 2010:

Familiemedlem kr. 250,- (ord. kr. 420,-)

Hovedmedlem kr. 200,- (ord. kr. 350,-)

Student/pensjonist kr. 100 (ord. kr 175,-)Fyll ut skjemaet hvis du vil ta vare på originalen!