Livet i fjæra

Naturvernforbundets naturveileder Rakel Alvestad og dykkar/undervannsfotograf Rudolf Svensen har dei siste vekene teke med 5.klassar frå Hafrsfjord og Sunde Skule på ei undervannsreise i nære og fjerne farvatn.

Rudolf sett fokus på introduserte artar og marin forsøpling med bileta sine, og viser ståa i nære og fjerne farvatn. Sidan beveg me oss ned til fjæra kor me finn introduserte artar som sjøpung/ knudrepung, Japansk drivtare og stillehavsøsters. Knudrepungen høyrer opphavleg til i Korea og har kome til norske farvatn som blindpassasjer på skip. Me finn også mykje stillehavsøsters, ein art som før 2007 nesten ikkje var registrert i Noreg.

 Stillehavsøstersen har hatt ein eksplosiv vekst og trugar andre muslingar som blåskjel og flatøsters. I sin tur kan dette igjen vera kritisk for fuglar som ærfuglen som har blåskjel som ei viktig næringskjede.

Elevane får sjå kor tett på oss me har introduserte artar, og lærer å skilje dei frå artane som faktisk høyrer til her. Dette er utrulig viktig kunnskap og ha med seg.

Det har vært strålande ver og mer har hatt flotte dagar med nyskjerrige og dyktige elevar.

Stor takk til Rogaland Fylkeskommune som har gjeve oss midlar til å kunne gjennomføre dette undervisningsopplegget.