Gratisturar til Store Marøy

Kvar dag under Gladmat-festivalen arrangerar Naturvernforbundet gratisturar til Store Marøy i Gandsfjorden med «Marøy-ferjå». Nytt det eineståande høvet til å bli kjent med eit gamalt kulturlandskap som Naturvernforbundet restaurerar på dugnad. Turen er guida og du vil garantert få treffe på villsau-flokken som beitar på øya. Påmelding skjer på Naturvernforbundets stand nr 76 eller til båtførar og guide Erik Thoring på tlf. 416 83 238. Deltakartalet per tur er avgrensa til 15. Sjå rutetabellen her.

Daglege gratisturar til Store Marøy

”Marøyferjå” går daglege gratisturar til Store Marøy i Gandsfjorden. Omvising i det restaurerte kulturlandskapet og besøk av øyas villsauer.

Maks antall deltakarar: 15
Påmelding: Naturvernforbundets stand nr. 76 eller til båtførar/guide Erik Thoring på tlf: 416 83 238.
Arrangør: Naturvernforbundet i Rogaland.

Onsdag 26. juli:
Avgang kl. 17, retur ca kl. 19

Torsdag 27. juli:
Avgang kl. 15, retur ca kl. 17

Fredag 28. juli:
Avgang kl. 17, retur ca kl. 19

Lørdag 29. juli:
Avgang kl. 12, retur ca kl. 14


Med atterhald om godt ver.

Fakta om Marøy:

Store Marøy er ein 120 dekar stor holme som ligg i Gandsfjorden, om lag 700 meter øst frå Breivik på Storhaug. Øya var befolka i over 150 år og vart fråflytt i 1958. Det vart drive eit aktivt jordbruk på øya, og det er fleire og tydelege spor frå det gamle jordbruket. Naturvernforbundet har sida 2000 rydda det attgrodde kulturlandskapet og restaurert fleire av dei gamle kulturspora. Sidan 2004 har ein flokk villsauer beita på øya.

Praktisk informasjon:

Overfarten til Marøy tek om lag 20 minuttar frå Vågen i Stavanger. Vi går ein tur på om lag ein time med innlagte stopp og orienteringar. Båten har redningsvestar til 15 personar. Hugs godt fottøy.