Hyttebygging i Hallingdal

I Hallingdølen 29.7 har Bård Heio, Hanne Haatuft, Espen Karlsen, stortingskandidater for Buskerud Høgre, eit innlegg om hyttebygging. Dei viser til ein ikkje offentliggjort ringverknadsanalyse som Firmaet PWC har gjort for Nesfjellet, og hevdar at heile 75% av verdiskapninga skjer lokalt når ein fritidsbustad blir bygd, og at ein ny fritidsbustad skaper tett opp i mot 1 mill. i lokal verdiskapning over ein periode på 10 år. Det er vanskeleg å argumentere mot ein rapport som ikkje er tilgjengeleg, men andre rapportar har andre resultat.

Forskning.no publiserte 29.3.2015 resultata av ei studie gjort av Telemarkforskning, Agderforskning, og Senter for økonomisk analyse. Hovedfunnet der var at kommunane har meir utgifter enn intekter frå hyttefolket. Utbyggarane og eigedomsmeklarane sit att med gevinsten mens felleskapet tar utgiftene. Den økonomiske utviklinga til typiske hyttekommunar tyder heller ikkje på at hyttebygging er ei gullgruve for kommunane. Det som tynger mest på utgiftsida, er plikta til å yte helse- og omsorgstenester til personar som oppheld seg i kommunen. Overdimensjonert kapasitet på renseanlegg og vassforsyning kjem også negativt ut i rekneskapen til hyttekommunar. På grunn av det store tempoet i utbygginga blir det store firma, utan tilknytning til bygda, som hovudsakeleg utfører byggearbeidet.

For å lese resten av innlegget, last ned pdf. fila fra rammen til høyre.