Viken har ingen grunn til å sutre

Fungerande styreleiar i Viken skog, Anders B. Werp, har eit innlegg om skog og skogsdrift i Ringerikes Blad 17. september. Han hevdar at miljøorganisasjonane dømmer skognæringa på feil grunnlag. Organisasjonane og almenta vurderer næringa ut frå bilete av ein flatehogst her og nå, og gløymer det langsiktige perspektivet ein skogeigar må ha. Vidare peikar Verp på at me har så lett for å gløyme alle dei verdifulle produkta skognæringa leverer.
Flatehogst – mest vanleg
Alle miljøorganisasjonane i Norge forstår verdien av produkta skognæringa leverer, og ingen er i mot at det blir hogd. Det er måten det blir gjort på som skaper reaksjonar. Dei fleste varsla Naturvernforbundet mottek, handlar om folk som opplever at nærmiljøet er øydelagt av flatehogst. Ofte viser det seg at varsel handlar om hogstar som er innafor regelverket, men nokre gonger er det avvik i forhold til dette. I nyleg reviderte Norsk Standard PEFC lovar næringa auka bruk av såkalla lukka hogstar der det er viktige friluftsområde og der det ligg til rette for det. Så langt har me sett lite betring i forhold til dette. Det blir hogd meir enn tilveksten, og flatane blir større og større. Flatehogst er eit voldsomt inngrep i naturen, og påverkar alt som lever, eller levde der i lang tid. I tillegg viser dei fleste forskingsresultata at det er store utslepp av karbon i lang tid etter hogsten.
Flatehogst og blåber
Forskningsgruppa EcoForest la i vår fram ein rapport over langtidseffekten av flatehogst.
Dei plukka ut tolv flatehogde skogar og tolv naturskogar som dei samanlikna. Det var vanskeleg å finne naturskogar som var lite påverka av menneskeleg aktivitet. Det er i seg sjølv eit signal om at me kan kome til å mangle gode referanseskogar til framtidig forskning.
Forskningsrapporten peikar til dømes på at mengda av blåber er redusert til det halve i tidlegare flatehogd skog. Blåber er ein nøkkelart i skog . Veldig mange som lever i skog er meir eller mindre avhengig av blåberplanta. Det gjeld mange insekt, skogsfugl,pattedyr som rev og bjørn. Klatremusa er vår vanlegaste museart. Når det er mykje blåber, blir det mindre gift i blåberblada, og det fører til at fleire klatremus overlever vinteren. Andre viktige skilnadar er tydeleg mindre dekning av karplanter,og mangel på artsgrupper som er knytta til gammal skog, som hakkespettar, sopp og lav. For rundormar i jorda var det også klar skilnad mellom skogtypane, med meir komplekse og stabile næringsnett i naturskogane.
Følg regelverket
Anders Verp hevdar at miljøorganisasjonane stiller høge krav til dokumentasjon frå skogbruket.
Ja, Naturvernforbundet reknar med at skognæringa er profesjonelle og følger Lov om Miljøinformasjon når det gjeld dokumentasjon.
Viken skog har tapt mange saker i Nemnda for Miljøklager dei siste åra. Dette tyder på at det er potensiale for betring. Nyleg har skogselskapet gått til rettsak mot ein privatperson fordi han vann fram i klagenemda. Det er kritikkverdig , og fører til dårleg omdøme for Viken skog.
Dersom konflikten mellom skognæringa og miljøorganisasjonane skal reduserast må næringa følge sitt eige regelverk PEFC, dei må slutte med flatehogst i naturskog og område som er viktige for friluftslivet. Skognæringa må redusere storleiken på flatehogstar og ta større omsyn til miljøverdiane.