Får bygge anneks – politikarar på ville vegar

28.09.2021 ble dette leserbrevet, skrevet av Martin Lindal i Naturvernforbundet i Buskerud, publisert i Hallingdølen: Ifølge Hallingdølen 10.09.2021 har formannskapet i Ål vedtatt at ein grunneigar får byggja anneks på stølen sin i Lauvdalen. Trass i klage fra Statsforvaltaren og negative uttalar frå villreinnmda og Viken fylkeskommune, gir formannskapet dispensasjon til bygging. Grunnlaget for søknaden er at grunneigaren har leigd ut stølen sin og hevdar at han treng eit anneks for å drive vedlikehald.

Dispensasjon kan gis på spesielle vilkår, men desse vilkåra er ikkje oppfylt i denne saka.
Dispensasjon skal berre innvilgast dersom fordelane er tydelig større enn ulempene, og det er
berre unntaksvis lov å ta omsyn til personlege interesser. Det er allmenta sine interesser som
skal vektleggjast når ein eventuell dispensasjon blir gitt.


Ål kommune har etter Naturvernforbundet si meining gjort eit ulovleg vedtak. Det er ikkje første
gongen politikarane i Ål gjev dispensasjon i strid med lovverket. Ei tid tilbake blei ei hytte på
Osestølen stoppa av Sivilombudsmannen etter innspel fra Naturvernforbundet i Buskerud.
Vedtaket om dispensasjon for bygging av anneks i Lauvdalen er i same kategori og bør derfor
stansast.


Naturvernforbundet erfarer at mange dispensasjonar som blir innvilga rundt om i landet, ikkje er
i tråd med lovverket. Det får likevel ingen konsekvensar for kommunen.


Dersom dette vedtaket blir ståande, kan det skape presedens og nye søkarar kan vise til
prinsippet om likebehandling. Her er det berre fantasien som set grenser for fantasifulle grunnar
til eit nytt fritidsbygg i LNF-område og randsone for villreinområde. Går du tom for grunngjeving,
kan du leige ut hytta di for ein periode og søke om anneks.


Naturvernforbundet i Buskerud – Martin Lindal