Svar til skogeierforbundets innlegg om skogsdrift i Hallingdølen 12. juli

Skognæringa har fått mykje kritikk dei siste åra på grunn av måten hogstane blir utført på. Næringa prøver å rette opp inntrykket i eit innlegg i Hallingdølen 12.juli der rådgjevar i skogeigarforbundet, Hans Asbjørn Sørli har eit innlegg.

Skognæringa er stor og mektig, har støttespelarar i alle deler av samfunnet og  eit stort propagandaapparat.

Sørli hevdar at å hogge boreal barskog i Norge, ikkje kan samanliknast med å hogge regnskog. Grunnen til det er at barskogen er så ung , og har eit fattig artsmangfold samanlikna med regnskogen. Det verkar som han meinar at norsk barskog er så artsfattig at det ikkje betyr noko for artsmangfoldet om den blir hogd. I tider der det kjem stadig nye rapportar om tap av biologisk mangfold er det viktig at alle tar ansvar. Det er eit viktig forvaltningsprinsipp at alle land tek ansvar for sine arter. Dessutan bind boreal barskog meir CO2/dekar enn tropisk regnskog. Ved flatehogst blir det utslepp av karbon til atmosfæren, og det kan ta lang tid før karbonlageret kjem opp på same nivå som før hogsten. Skogbruket kunne bidratt i klimakampen ved å la skogen stå 20-30 år lengre enn vanlig hogstmodenhetsalder før den ble hogd. Når skjer det motsatte. Dei som kjører fra Flå oppover mot Veneli passerer ei snauflate kor 50 år gammel furuskog blei snauhogd. Den burde stått i minst 50 år til, produsert kvalitetsvirke og vært til glede for friluftsliv og natur.

Sørli skriv vidare at etter hogst blir det planta ny skog som blir levestad for mange arter.

Sanninga er at desse plantefelta med einsaldra skog er særs artsfattige. Dei er lite eigna levestad for planter og dyr. Det er plantasjar, ikkje skog. Den største artsrikdomen finn me i gammal naturskog med tre i ulik alder, og med ein stor del daude tre. Slik skog er det lite av, og blir hogd  i raskt tempo.

Sørlie påpeikar at skognæringa er miljøsertifisert, og at skogbruket kartlegger og tar vare på

areal som er viktig for sjeldne arter. Dette er dessverre ikkje alltid tilfelle. Det ser ut til at hensynet til økonomi overstyrer hensynet til miljøet. Naturvernforbundet har avdekka  fleire brot på lovverket dei siste åra. Ved hjelp av kartbase og flyfoto har me avdekka hogst av fleire nøkkelbiotopar i Øvre Eiker og Modum. Dette er områder som skogbruket sjølv har registrert som ekstra verdifulle områder, og derfor ikkje skal hoggast. Me får også stadig meldingar om hogst av trua og sårbare arter, og der dei ikkje blir hogd er hensynsonen for liten.. Hensynet til kantsoner blir for ofte ignorert, eller sonen er for liten til å ha ein økologisk funksjon.

 I Sigdal planlegg dei gjennom  bygging av ein skogsveg tvers gjennom ein av dei største tiurleikane som er kjent her i landet. Bildet  under viser ei hogstflate i Hemsedal. Størrelsen  er nesten 1.000 dekar. Den einaste kjende hønsehaukbiotopen i Hemsedal var her. Reiret er ivaretatt i forhold til regelverket, men hønsehauken finn  området uinteressant etter hogsten. Biotopen er ødelagt,  og reiret har ikkje vore i bruk dei siste åra.

Sørlie hevdar at skogbruket sine miljøtiltak verkar og at me kan vera trygge på at skogbruket i Norge blir drive på ein bærekraftig måte.

Norsk ornitologisk forening viser i ein artikkel, at det i følgje landbruksdirektoratet, er hogd mest skog i juni månad dei siste fem åra.

Dette er midt i yngletida for fugl og andre dyr og fører til store dyretragediar. NOF har berekna at det har ført til  eit tap på anslagsvis 80 000 reir i løpet av desse fem åra. Aktsomhetsplikten i Naturmangfoldloven burde føre til at skognæringa prøver å begrense  hogst i denne perioden.

I staden blir skogeigarane premiert med ekstra høge prisar på denne tida av året.

Eksempela viser  at det er økonomi som styrer, og  at  pratet om bærekraft og miljø er reinspikka propaganda.

I framtida må skogbruket hogge meir i tråd med boka “rikere skog” som skogeigarforbundet ga ut på 90-talet.Denne boka var grunnlag for mange studiesirklar rundt om i Hallingdal.

Underteikna var sjølv med i ein slik studiesirkel på den tida.

Ved brudd på lovverket må offentlege myndigheter ta eit større ansvar enn i dag, og sørgje for at det får konsekvensar.I dag blir det berre ført som eit avvik i papira til skogsamvirket.

Martin Lindal – Naturvernforbundet i Buskerud.