Anmelding for brudd på skogloven og forskrift om bærekraftig skogbruk.

Naturvernforbundet i Buskerud har anmeldt ein skogeigar i Flå kommune for brudd på skogloven og forskrift om bærekraftig skogbruk. Et av våre medlemmer oppdaga den omfattande hogsten under ein tur ved Stavnheimsetra nord for Stavnselva naturreservat i 2016

Me sende ei klage til Flå kommune der me peika på kva me meinte var klare brudd skoglov og næringa si eigen miljøstandard:

-Kantsone mot myr er ikke tatt hensyn til.

-Området bærer preg av snauhogst og lite eller ingenting står igjen, sjølv om det er fjellskog.

-Omfattende terrengskader.

-Uforsvarleg med omfattende hogst inntil naturreservatet.  

-Mange store, 2-300 år gamle furutrær er hogd.

Flå kommune støtta oss på fleire punkt, og det blei befaring med skogeigar, entrepenør, Viken skog,  og Naturvernforbundet. Viken skog sin internkonsulent var særleg kritisk til manglande kantsone mot myr. Dette området er viktige områder for insekt, fuglar og dyr. Blant anna storfuglkyllingar finn mykje av næringa si her. Skogeigar hadde planer om vidare hogst i området,han  og entrepenøren fekk klare, og gode råd om kva som måtte endrast. Me rekna med at dette skulle hjelpe på situasjonen og føre til endringar i drifta.  Skuffelsen var derfor stor då ingen av anbefalingene fra befaringen hadde blitt følgd opp. Det var denne gang enda meir alvorlege brudd på skoglov og miljøstandard. Nøkkelbiotopar var ødelagt, og hensynet til kantsone var ikkje ivaretatt. Manglande landskapshensyn og manglande bruk av lukka hogstform er også ein del av anmeldinga.

Anmeldelsen finnes i rammen over til høyre.

Naturvernforbundet i Buskerud – Martin Lindal leiar.