Faktabasert politikk

I Hallingdølen 16.2 svarer Finn Halling på innlegget vårt om Ringeriksbanen. Halling prøver her å stå fram som talsmann for å «redde både natur og klima».

Samtidig er Halling, når det kjem til konkrete utbyggingssaker, sterk tilhengjar av å byggja ned natur- og våtmarksområde. Han etterlyser dokumentasjon på at bygging av jernbane og motorveg gjennom eit våtmarksområde er skadelig for naturen.

Naturvernforbundet i Buskerud baserer kunnskapen om desse spørsmåla på vitskapelege rapportar frå forskarar i inn- og utland. Dei siste åra har det kome mange rapportar om biologisk mangfald som viser at me utryddar medskapningane våre i stor skala. I september 2020 kom FN sitt naturpanel – IPBES med nok ein alarmerande rapport. I 2010 forplikta 190 medlemsland seg til 20 mål for å redde det biologiske mangfaldet innan 2020, dei såkalla Aichi-måla, under  FN-konvensjonen om biologisk mangfald. Rapporten viser at ingen av måla var nådd. Heller ikkje Norge som nasjon greidde nokre av måla.

Same månad kom WWF (Verdas Naturfond)med ein rapport som viser at verda sine dyrebestandar er blitt redusert med 68 prosent sidan 1970. Tidlegare har det kome tilsvarande rapportar om drastiske reduksjonar i insektbestandane rundt om i verda. Det er lenge sidan ein måtte køyre innom ein bensinstasjon for å vaske vekk insekt etter ein køyretur somarstid. I Norge har me i dag 4438 raudlista artar. 2355 av desse er trua.

Ifølgje forskarane er hovudårsaka til tap av fauna nedbygging og fragmentering av leveområda deira.

Våtmark -den viktigaste biotopen

Professor Dag O. Hessen er intervjua i forskningsmagasinet Appolon (UIO)- 4.2.2021.
Her heiter det mellom anna:

“Dag O. Hessen vokste opp på Lillehammer. Der Lågen renner ut i Mjøsa, finnes et helt spesielt naturområde: Lågendeltaet naturreservat. Der er det blant annet registrert 224 forskjellige fuglearter, mange av dem truet av utryddelse.
Likevel – tvers igjennom deltaet skal det bygges ny, firefelts E6 med 110-sone. Hessen har engasjert seg i saken.
– Det eneste diskusjonstemaet har vært hvor traseen skal gå. Selv et vernet reservat er altså ikke verdt å spare for all framtid – så lenge bilistene kan spare noen minutter. Dette er ett av utallige eksempler på at vi ikke erkjenner naturens egenverdi.

Ved Hamar lenger sør er et annet naturreservat, også det med et enestående fugleliv, allerede delt i to av den samme motorveien – en tjue meter bred trasé, med svære steinfyllinger på hver side.– Ny E6 skjærer seg altså gjennom to av Norges mest betydelige våtmarksområder. Den trolig viktigste biotopen, som verden også har tapt aller mest av, er nettopp våtmark, påpeker Hessen.”

Tyrifjorden naturreservat.
Halling slår i bordet med at regjeringa Solberg verna  eit 11.191-dekar  stort naturreservat ved Tyrifjorden og Storelva. Arbeidet for vern av området starta på 60-talet med Kåre Elgmork (UIO) som drivkraft. Fylkesmannen fekk verna nokre mindre reservat på 80-talet. På 90-talet fortsette NOF Ringerike, med Viggo Ree i spissen, arbeidet for ytterligare vern. I 1996 førte det til at området fekk Ramsar-status. 

I Tyrifjorden våtmarksystem er det registret 202 ulike fugleartar. Over 50 av dei står på raudlista. Våtmark er leveområde for mange artar, og særs viktig som kvile og rasteplass for fugl på trekk vår og haust. Ein jernbane og motorveg som deler verneområdet i to vil ha store negative konsekvensar for alt levande i området. Det betyr ikkje at alt liv blir borte, men bit for bit- nedbygging kan føre til at samla belastning kan bli for stor for mange.  Dersom Halling sit inne med informasjon om noko anna, er det banebrytande ny kunnskap.
Omsynet til natur og miljø var fråverande då beslutninga om Ringeriksbane og motorveg gjennom våtmarksområde blei fatta. Halling forsikrar oss om at “dei fleste”er opptatt av å ta vare på både natur og klima. Det er dessverre lite som tyder på det i praktisk politikk. Det er ikkje slik at me kan bygge alle motorvegane før me begynner å tenke på å ta vare på natur.

Martin Lindal – Naturvernforbundet i Buskerud.