Folkeopplysing eller folkeforvirring?

Ole Henrik Ellestad vil ikkje lytte til mitt velmeinte råd om å ta diskusjonen om kva for faktorar som påverkar klimaet mest ein anna plass enn Hallingdølen. Eg har ikkje hevda at Ellestad ikkje kan ytre seg om klima fordi han ikkje er klimaforskar, men peika på det faktum at han ikkje har drive med klimaforskning, noko han har til felles med veldig mange som har sterke meiningar om klimaendringane.

Ellestad hevdar i sitt siste innlegg at det er sol, vindar og havstrømmar som dominerer klima. Han henviser tll professor Natalia Zhakarova, som har forska på solaktivitet. Ho hevdar at minkande energi støm fra sola framover, og endringar i magnetfeltet vil føre til ei nedkjøling av jorda. Dersom det berre var sola som påverka klimaet, ville temeraturen minke med 0,8 grader dei næraste 20-30 åra.Ho utelukker ikkje, som Ellestad, at andre faktorar påverker klimaet, og synes det er viktig å redusere utsleppet av klimagassar framover.

Bjørn Samset i Cicero peiker på at naturlege fenomen har styrt klimaet tidlegare. Nå meiner han at menneskeskapte utslepp er den dominerande faktoren. Effekten av mindre energi fra sola vil drukne i den auka drivhuseffekten fra CO2. Her er han på linje med dei fleste klimaforskarane. Bare framtida vil vise kven som har rett. Me kan håpe at Zhakarova har rett, det gjer at me har større sjanse til å nå målet om mindre enne to grader temperaturauke.

Ellestad avfeier påstanden min om at foreninga “Klimarealistene” kan koblast til kapitalkrefter.

I programmet “Folkeopplysningen” kom det fram at “Klimarealistene” har gitt ut sin eigen alternative klimarapport. På spørsmål om kven som hadde finansiert dette, blei det lett forviring hos klimarealistkameratane. Dei enda til slutt opp med å svare at det var anonyme gjevarar som hadde finansiert denne. Det skaper ikkje grobotn for tillit når gjevaren må vera anonym. Ellestad hevdar at “klimarealistene” driv folkeopplysning, det er vel nærare sanninga at dei driv med manipulasjon og folkeforvirring. Dette blir mitt siste innlegg i denne debattstafetten, som starta med Ellestad sin store beundrar – Hallgrim Berg. Kanskje han vil avslutte med ein konklusjon om kven som sigra.

 

Martin Lindal – Naturvernforbundet i Buskerud