Foredrag om langtidseffektane av flatehogst

Tysdag heldt styreleiar foredrag om langtidseffektane av flatehogst på Drammensbiblioteket.

Foredraget var ein del av ei arrangementsrekke som utforskar kva skogen betyr for natur, litteratur og menneske i Drammen. Det er veldig bra at biblioteket satsar på dette. Arrangementet starta opp i september og varer ut i november. Følg med på nettsida til Drammensbiblioteket for fleire arrangement.

Det møtte fram rundt 40 interesserte til foredraget. Dei fleste var av den eldre garde, og det vart ein god og interessant kveld med engasjerte tilhøyrarar.

I foredraget snakka eg i hovudsak om forskninga til forskningsgruppa EcoForest og resultata dei la fram i ein rapport i vår. Rapporten ser på langtidseffektane av flatehogst, og kva konsekvensar ulike former for skogbruk kan ha for skogen og naturverdiane over tid.

For Naturvernforbundet er dette eit viktig tema. Korleis vi driv skogbruket har mykje å seie for både naturmangfald, økosystem og skogen som livsmiljø. Kunnskap om kva som skjer med skogen etter hogst, også på lang sikt, er derfor viktig når vi skal diskutere korleis skogen bør forvaltast.