Fotografering i eit froskeperspektiv.

Arild Finstad, tidlegare dagleg leiar i Vegglifjell Friluftslag, har i Laagendalsposten 14.10 ein kommentar til avisa sitt innlegg om tidlegløype på Vegglifjell.

Han kallar det eit einøygd angrep fra Naturvernforbundet. Avisa si dekning var basert på vår klage til kommunen, og telefonsamtale med underteikna. Med forbehold om at avisa har brukt eit av bilda eg sende, så kan eg avkrefte Finstad sin påstand om at bildet er tatt i fjor, med froskeperspektiv.

På det tidspunktet visste eg ikkje at løypa fantes. Bilda er tatt 08.09.2020, av meg, og eg kan avkrefte at eg prøvde meg på noko så krevjande som froskeperspektiv.

Finstad skriv at løypa er 5-6m breid, som tilsvarer breidden på ein tråkkemaskin.

Det er her eg ramlar av lasset. Eg må spørre om Rollag kommune ikkje bruker metersystemet som lengdemål. Trur de  kanskje at ein meter er 100 tommar, eller har de elastiske måleband? Fakta er at løypa er mykje breiare enn 5-6m. Over det meste av strekningen er den det dobbelte. Den kan minne meir om ei enkel landingsstripe for fly, enn ei enkel skiløype.

Han skriv vidare at det er krevjande med gravemaskin i myr. Det er eg einig i. Gravemaskin skal ikkje ut i myr. Myr er ein verdifull naturtype. Den er ein viktig levestad for planter og dyr. Den fungerer som ein svamp, som suger opp vatn når det er overflod, og gir i fra seg vatn under tørre periodar. Den er og ein viktig karbonbindar som har samla karbon i tusenvis av år.

Når ein grev i myr slepp CO2-gassen ut i atmosfæren. Klimaendringane er over oss, og slik ukritisk graving i myr gjer det helie verre.

Finstad hevdar at det er brukt duk over myrområder, og at løypa er lagt om for å unngå myr.

Det er vanskeleg å sjå at dette har lukkast, sjølv om det var ein føresetnad i ei vurdering naturforvaltar Heitmann gjorde i forhold til Naturmangfoldlova. Den vurderinga har blitt borte i vedtaket om tillatelse.

Finstad avsluttar med ei oppmoding om at Naturvernforbundet bør setje pris på at folk kjem seg ut. Dersom det må øydeleggast så mykje natur for å få folk ut, er prisen for høg, da bør dei heller vera inne.

Me håpar at kommunen inviterer til ei befaring, så kan me måle løypa med standard meter, og Finstad kan vise meg dei stadane der dei har brukt duk for å ta vare på myr.

Martin Lindal – leiar Naturvernforbundet i Buskerud.