Gulsvik og maktarroganse
I Hallingdølen 12. mars går skogeigar Gudbrand Gulsvik hardt ut mot Fylkesmannen som han skuldar for maktarroganse på høgt nivå. Bakgrunnen er Fylkesmannen sin innsigelse til den planlagte tur- og sykkelveien frå Synningen til Beia som vil gå gjennom et skogområde tilbudt til frivillig vern.
Gulsvik har bestemt seg for å trekke eigedommen sin ut av det frivillige vernet i protest mot Fylkesmannen sitt vedtak. Vi burde kunne vente meir av ein av dei største skogeiegarane i Hallingdal, og som samtidig er daglig leiar i Hallingskog og inntil nyleg nestleiar i styret i Viken Skog.
Gulsvik etterlyser ein meir moderne verneholdning og meiner Fylkesmannen burde tenke bruk og vern, ikkje naturvern. Samfunnet må få oppleve vernet, seier han til Hallingdølen. Ja, folk må få oppleve vernet, men det kan ikkje vere avhengig av tekniske inngrep i eit slikt verneområde. Ettersom det er et naturreservat på ein annen del av eigedomen hans hans , Flatdalsåsen, burde han vite at i slike naturreservat er ikkje anlegg av denne typen tillate. Og det med god grunn. Målsetjinga er å behalde området i mest mogeleg urørd tilstand. Då passar det dårlig med ein maskinelt anlagt sykkelveg, og sikringsbuer langs vegen. Opprinneleg var det planlagt 7 såkalla sikringsbuer på 30 kvadratmeter. Det er rart at kommunen planlegg ein aktivitet med så stor risiko.
Vi vernar skog for å ta vare på det biologiske mangfoldet og gjera det mogeleg for slektene etter oss å oppleve korleis eit naturleg skogbilde kan vera. Nesbyen og resten av Hallingdal er dominert av mykje bruk og lite vern. Nokre stader må naturen og dei artane som lever der ha forrang. Det er ingen ting i veien for å besøke slike område. Det krev litt meir, men gir ei større oppleving.
Den planlagte sykkelvegen vil gå gjennom gamal granskog. Skogen gir eit urørt preg og er vurdert til å ha nasjonal verneverdi av biologane som har kartlagt området. Ein slik skog er sjelden i Norge i dag, og kan være levestad for fleire tusen artar. Andelen “naturskog”, altså skog som tidligare ikkje er flatehogd, er låg og i stadig nedgang. Det blir hogd mykje slik skog i våre dagar, og store naturverdiar går tapt utan me har oversikt over det. Dersom hogsten held fram på same måten, vil det meste av slik skog om få år bare finnast i verneområda. Resten av skogen vil få meir og meir preg av plantasjar med tre i lik størrelse og alder, og som gjerne blir hogd mens dei biologisk sett bare er ungdom. Det er artsfattige skogar, lite eigna som levestad for de fleste artar.
Skogeigarane får godt betalt for å verne skog, i tillegg er det skattefritt. Det kan ikkje vera slik at dei også skal diktere korleis vernebestemmelsane skal vera. Da er det Gulsvik & Co, og ikkje Fylkesmannen som utviser toppen av maktarroganse.
Naturvernforbundet i Buskerud
Per Furuseth, Martin Lindal.