Hallgrim Berg er uroleg

Hallgrim Berg har eit innlegg i Hallingdølen tysdag 15.oktober, med overskrifta “over stokk og stein” Hallgrim Berg er uroa over at dei politiska partia endeleg reagerer på klimautfordringane.

Det er overraskande, at han som tidlegare stortingsrepresentant for Høgre, er så  kritisk til korleis det økonomiske systemet verkar i praksis. Høgre og Berg har jo nettopp vore ein pådrivar for markedskreftene, og for minst mogeleg regulering av økonomien. Hallgrim berg har sove i timen, -det må ha blitt for mykje munnharpespeling og vitsar i stortingsperioden.

Han skriv:”Dei globale dollarmillionærane ser fram til ekstra gode tider, gjennom korporasjonar, og alle slags vestlege media (som dei eig og kontrollerer) er dei med å piskar opp “den grøne bølga” samtidig som dei sjølve no investerer i olje og gass.”

Han viser rørande omsorg for Greta Thunberg: “Greta Thunberg er ei ung og engasjerande jente, som brutale kapitalkrefter veit å nytte som symbol og lokkedue i sitt gigantiske spel for å kanalisere enorme verdiar inn mot endå færre hender”.

Eg deler hans bekymring for akkumulering av kapital og makt hos nokre få, men greier ikkje å sjå at Greta Thunberg er ein del av dette.  

Hallgrim Berg tar ikkje rapportane frå FN sitt klimapanel på alvor: Han skriv:” Me har opplevd domedagsprofetiar før – difor: ta det litt med ro!  Vis skepsis til dei som prøver å skaffe seg popularitet og politisk makt gjennom einsidig svartmåling og skremsel.”

Allereie i 1972 var Jørgen Randers  medforfattar til rapporten : Limits to growth”, den er eit frampeik på den situasjonen me har havna i. Me har ikkje berre ei klimakrise, men og eit stort problem med stadig minkande mangfold. Årsaken er eit økonomisk system som fører til overforbruk av ressursane på jorda. I år kom “ overforbruksdagen” midt i juli, dersom alle levde som i Norge, ville den ha kome  midt i april.

Hallgrim Berg konkluderer med at planeten overlever uansett. Det er eg einig i, og mennesket som art vil og overleve ei temperaturauke på 3-4 grader, som me styrer mot nå. Problemet er at ei slik temperaturauke vil føre til svikt i matproduksjonen , og kollaps i økosystem. Det blir meir ekstremver, og store områder blir ulevelege for store folkegrupper. Store folkemengder må flytte på seg. Den flyktningestraumen me hadde i 2015 vil vera ein bagatell til samanlikning, og me hugsar panikken som spreidde seg, når det kom nokre hundre flyktningar på sykkel over Storskog.

 Norge har ein eineståande sjanse til å gjera noko nå.

Me har eit oljefond på 10.000.000.000.000 kr, som gir oss eit handlingsrom som ingen andre har. Handlingsregelen har vore fornutftig så langt, nå ser det ut til at den har gjort oss handlingslamma. I den situsajonen me er i nå, vil det vera fornuftig å bruke av oljefondet for å investere i framtida. Me må satse på ny teknologi og arbeidsplassar som skal erstatte arbeidsplassane innan oljeverksemda. Forskning og utvikling av ny teknologi kan føre til at overgangen går meir smertefritt.  Fangst og lagring av karbon kan bli ein nøkkel. Det som ifølge Stoltenberg var “ den nye månelandinga” har så langt ikkje landa. Nye fangst og lagring- prosjekt er sett på vent av regjeringa. Det har me rett og slett ikkje tid til. Me kan også bruke oljefondet til å bygge jernbane og utvikje alterntive grøne energikilder.

Så langt har produksjon av ny energi blitt ete opp av auka energibruk. Me må derfor sjå på energibruken vår. Stadig meir hyttebygging i fjellheimen er kanskje ikkje forenleg med å nå klimamåla. Me må i større grad enn nå bruke reguleringar og avgifter for å styre økonomien i ein retning me ønskjer. Prisen på fossilt brensel er for billig, og fører til sløsing med energi.

På grunn av fordelingsgrunnar har det vore nærast tabu å auke avgifta på fosile brennstoff. Ei løysing på det dilemmaet kan vera å føre avgiftene tilbake til befolkinga, likt per innbyggjar – karbonavgift til fordeling. Dersom veljarane ved neste korsveg har forstått problemet, og veljer dei rette politikarane, har me ennå tid til å endre kursen. Det er meir enn 30 år sidan at økofilosofen Nils Faarlund konkluderte med at det er for seint å vera pesimist.

Me har ein jobb å gjera, det må vera eit moralsk ansvar å ikkje overlate problema til neste generasjon.

Martin Lindal – leiar Naturvernforbundet i Buskerud.