Hallingdal satsar grønt

I Hallingdølen 18.februar er det eit intervju med prosjektleiar i “ Grønn vekst Hallingdal”, Kristian Akervold. Naturvernforbundet i Buskerud synes det er særs positivt at hallingdalskommunane har satt seg som mål å bli grønare.

Akervold seier til Hallingdølen at stikkord for arbeidet har vore berekraft, klima og miljø. Prosjektet er eit samarbeid med ungdomsrådet, som har etterlyst ei grønare satsing. Hensikten er å få etablert Hallingdal som ein grøn region.

Det er ei bra målsetjing, men vanskelig å få til i praksis. Dei siste åra har det vore ei eksplosiv auke av nye hytter i regionen.

På spørsmål om dette dilemmaet frå journalisten, svarer Akervold at hytta er “olja” i Hallingdal, og at spørsmålet er korleis ein kan gjera hyttebygginga berekraftig. Berekraft er eit mykje brukt omgrep, og det er ulike oppfatningar av kva ordet inneber. Vår forståing av omgrepet berekraft er at alt heng i hop, at me skal beskytte naturen ved å stagge veksten i energibruk og råvarer og bidra til eit auka biomangfald. Ei hytte i dag er som hus nummer to. Dei har alle fasilitetar du kan tenke deg, fører til nedbygging av natur, bruker store mengder energi og fører til klimautslepp på grunn av trafikkauken dei fører med seg.

 

Kreativ matematikk

Me håpar ikkje at kommunane har tenkt å løyse denne konflikten med kreativ matematikk, som  dei har gjort i ein reguleringsplan for Turufjell. I detaljplan BFR9, under avsnittet “Myr og vatn”, er det gjort eit karbonrekneskap. Myr bind store mengder karbon, og utbyggarane har brukt Klima og miljødepartementet si heimeside og berekna at tapet av myr innan reguleringsplanen tilsvarer 23,7 tonn CO2 ekvivalentar. Så langt er tanken god. Det er konklusjonen som skurrar for oss:

“Norske hytter vert i all hovedsak ført opp i tre. Med rundt 130 einingar innan planen vil biomassen i treverket med god margin kompensere for tapet av myr ved å oppbinde karbonlager i treverket.”

Vår oppfatning er at denne konklusjonen ikkje held mål, det er grønvasking av hyttebygginga.

Ein slik tankegang  fører til at det er fritt fram for å bygge i myr, bare ein får opp nok trehytter i etterkant. Det er rett at trematerialene bind karbon så lenge hytta står. Det kan dreie seg om 50-60 år. Alternativet er at denne skogen, som er brukt til hyttebygging, sannsynlegvis kunne stått og bunde karbon vidare i lang tid. Dei fleste tre som blir hogd i dag er i “konfirmasjonsalderen”. Dei kunne stått og tatt til seg karbon i mange år vidare. Med tanke på at me har tretti år på oss før me skal vera karbonnøytrale, er det klimamessig best å la skogen stå. Nyplanting av skog vil ikkje kunne erstatte karbontapet ved hogst på veldig mange år.

 

Karbonbinding i skog

 Professor i bevaringsbiologi ved NMBU, Anne Sverdrup-Thygeson, skriv om skog i Klassekampen 12.februar. I følge Sverdrup-Thygeson tar norsk skog kvart år opp CO2 tilsvarande meir enn halvparten av alle norske mennskeskapte utslepp. For å få til dette, samarbeider treet med sopp. Desse soppane får ein del av karbonet som treet har fanga – i bytte mot næring fra jorda. Sopprotsoppen bygger karbonet den får frå treet, inn i nye sopptrådar nede i jorda. Slik vil ein skog, som får stå og bli gammal, langsomt akkumulere meir og meir karbon i djupet. Dette mullmørke karbonlageret er enormt. Norsk skog inneheld en tredel av det totale karbonlageret i norsk natur, og opp mot 80 prosent av dette er lagra i skogsjorda.

Når me driv flatehogst ein slik skog, blir dei finaste stokkane brukte til bygningsmaterialar, og karbonet blir låst inne ei stund. Men mykje karbon går raskt ut i atmosfæren igjen, fordi størstedelen, rundt 80%, blir til meir kortliva produkt. Ut på hogstflata råtnar hogstavfall og andre daude planterester på skogbotn, og deler av dette karbonet går uti lufta. I tillegg skjer det endringar i skogsjorda. Sopprotsoppane dør ,og råtesoppane får overtaket. Dei plukkar fra kvarandre karbonlageret i daud sopprotsopp og bidrar ytterligare til auka utslepp av karbon frå hogstflaten.

Dette viser at det er komplisert, og det er tendensiøst å trekke slike konklusjonar som dei har gjort i reguleringsplanen. Det betyr ikkje at me skal legge ned skognæringa. Me skal bruke skog til bygningar, biobrensel, papir og andre produkt me har behov for, men me skal ikkje late som om det er klimatiltak. I dei tilfella der tre kan erstatte andre produkt, som betong, kan det også vera positivt for klima.

Det blir krevjande å nå prosjektmålet når hyttebygging skal vera den “ nye olja” for Hallingdal, men Naturvernforbundet set pris på initiativet og vil gjerne bidra i arbeidet vidare. Det er viktig å ta ungdomen på alvor, dette må ikkje bli eit grønvaskingsprosjekt for vidare masseutbygging av hytter.

 

Naturvernforbundet I Buskerud – Martin Lindal