Hallingdølen som mikrofonstativ

I Hallingdølen 4.4.har refererer avisa fra siste kommunestyemøtet i Nesbyen der reguleringsplanen for sykkelstig blir vedtatt. Tidlegare konsernsjef i NSB, og iniativtakar til stiprosjektet, Osmund Ueland synes det er flott å endeleg koma i gang, men synes det er leitt at sikringsbuene er tatt ut.

Han er likevel klar på at kampen om det ikkje er over. Det same seier fleire i kommunestyret. Det er viktig at sikringsbuene kjem på plass, i tråd med avtale mellom stiftinga og grunneigarane, seier Bård Heio. Me reknar med at både Ueland og Nesbyen høgre har gode kontakter, så me trur nok at sikringsbuene vil koma på plass etter kvart. Det er slik systemet ofte verkar i praksis her i landet. 

Hallingdølen opptrer, som i liknande saker, som eit “mikrofonstativ” for utbyggjarane. Ingen kritiske spørsmål blir stilt frå journalisten. Kva med å  prøve seg på litt “gravande” journalistikk?

Aktuelle spørsmål for å opplyse saka kunne vera: “Kvifor er det så viktig for grunneigarane å få på plass sikringsbuene? Er det rett at kommunestyret så åpenlyst ignorerer dei faglege momenta som Fylkesmannen har til saka? Er det ikkje merkeleg at grunneigarane foreslår området til frivillig vern samtidig som dei går inn i ein avtale om bygging av sikringsbuer? Er det så risikofylt aktivitet knytta til sykkelvegen at det er behov for 8 sikringsbuer? Korleis skal dei brukast? Skal grunneigarane drifte desse?” For oss som ikkje kjenner alle sider ved saka er det mange spørsmål som trenger svar.

Tidlegare har Hallingdølen på leiarplass stilt spørsmål om Fylkesmannen si rolle. Dei gir Fylkesmannen det glatte lag for at han (ho) ikkje i større grad hjelper kommunane med å få aktivitet i gang. Det er urovekkjande at Hallingdølen på denne måten avslører at dei ikkje kjenner til korleis forvaltninga verkar her i landet. Hallingdølen fekk svar frå Fylkesmannen, og har kanskje blitt litt klokare. Etter vår meining burde Hallingdølen setje søkelyset på seg sjølv, og kva for rolle dei ønskjer å ha i lokalsamfunnet.

Hallingdølen har tidlegare vunne prisar for god journalistikk. Nå opptrer Hallingdølen som eit reportasjeorgan, utan å opplyse dei ulike sidene ei sak ofte har. Ei lokalavis skal sjølvsagt vera positiv til nye ting i lokalsamfunnet, men ikkje utan å stille dei nødvendige spørsmåla. Avisa må vere seg bevisst samfunnsoppdraget sitt. Dersom det i framtida skulle vera behov for å få hjelp til å kaste lys over ei sak må de gjerne ta kontakt med Naturvernforbundet.

 

Naturvernforbundet i Buskerud- Per Furuseth og Martin Lindal.