Hyttebonanza.

I påskeferien blei det arrangert eit særs viktig møte som burde fått massiv pressedekning. Det var toppmøte i det internasjonale Naturpanelet, tilsvarande FN sitt klimapanel.

Meir enn 500 forskarar frå over hundre land møttest og drøfta dei nyaste forskingsresultata  frå heile verda. Til saman teiknar rapportane eit dystert bilde av utviklinga. Naturmangfaldet i alle verdsdelar er synkande. Artar blir utrydda i eit svimlande tempo, og me er inne i ei masseutrydding tilsvarande noko av det same som skjedde med  dinosaurane. Grunnane til dette er mange og samansette, men det internasjonale Naturpanelet sin konklusjon er at dette er menneskeskapt. Det er måten me lever og bruker jordkloden på som trugar mange dyreartar. I neste omgang vil livsvilkåra for mennesket bli dramatisk endra. Sjølv det minste insekt har si rolle i naturen og bidreg på sin måte til å gi oss reint vatn, rein luft og maten me et. Nedbygging av natur er ein av dei viktigaste faktorane som påverkar det biologiske mangfaldet negativt.

Samtidig som konferansen i det  internasjonale Naturpanelet  fann stad, kunne me lese om hyttebonanza i bygdene rundt omkring i fylket. Meklarane kunne melde om stor interesse frå ivrige hyttekjøparar. I ein debatt om Turufjellutbygginga i Flå oppsummerer Flå sin “propagandaminister” Magne Akervold situasjonen:

Lindal og Naturvernforbundet har tydeligvis ikke fått med seg at hyttebygging fortsatt er et stort kapitalsterkt marked, med betydelig etterspørsel etter tomter og hytter. Et slikt marked styrer man ikke med med restriktive sentrale vedtak, i hvert fall ikke i dagens politiske Norge, der stortingsflertallet ønsker en positiv utmarksutnyttelse til distriktenes beste, og gir kommunene myndighet til å ta egne avgjørelser. Svært mange nordmenn ønsker ei hytte å reise til, og de er villige til å betale mye for den. Får de den ikke i Flå , kjøper de den et annet sted. De fleste nye hytteeierne ønsker seg tilnærmet samme komfort på hytta som heime. De vil ha brøytet veg fram, og vil komme til varmt hus med innlagt vann og strøm. Da er det lokalsamfunnets oppgave å gi dem det.”  

Med ei regjering som  ber Fylkesmennene å redusere talet på innsigelsar, og som gir lokaldemokratiet meir makt i plansaker, er det fritt fram for utbyggjingskåte investorar med planar på glansa papir. Landbrukspolitikken dei seinare åra har gjort det vanskeleg å leve av landbruk aleine, og hyttebygging er blitt olje for bygdene. Norefjell er eit lite fjell som ligg nær dei største byane på Austlandet. Det er fleire kommunar rundt fjellet som gjerne vil utnytte dette potensialet. Krødsherad og Sigdal har fått utarbeidd ein strategiplan for framtida: “Helhetlig strategi for Norefjell – Fra ok til WOW”.  I samandraget kan me lese:

Kort oppsummert kan en si at Norefjell er et ok fjell som i dag ikke tar ut potensialet. Nye, sterke eiere i alpinanlegget samt Sigdal og Krødsherad kommuners ønske om å utvikle området som ett fjell, gjør at Norefjell nå kan ta det nødvendige grepene for å fremstå som et attraktivt fjell også i fremtiden.”

Ordet utvikle er eit mykje brukt  ord i slike planar. Det er positivt lada, og ein legg i det ein forventing  av forbetring. I realiteten inneber det som regel ei nedbygging  av natur..

Krødsherad kommune planlegg stort sett utvikling rundt alpinanlegget, noko som er lite konfliktfylt. Det er verre når “miljøpartiet” Venstre i Sigdal vil byggje hytter og hotell inn på snaufjellet. I planen ligg det og tankar om alpinanlegg i Sigdal som skal hengje saman med alpinanlegget i Krødsherad.

Det kom nettopp ein rapport om at ferdselen på Hardangervidda var eit problem for villreinen. Dei bruker berre ein liten del av vidda på sommaren når trafikken er størst. Reinen på Norefjell  er opprinneleg tamrein og aksepterer nok sannsynlegvis meir trafikk enn hardangerviddareinen, men det er  grenser for kva sjølv dei tåler. På nordsida av Norefjell har Flå store planar. Det starta i 2004, med ein plan på 600 hytter ved Høgevarde. Til tross frå innsigelsar frå Fylkesmann og direktorat godkjende Børge Brende  ei utbyggjing på 420 hytter. Dette skjedde etter sterkt press fra politikarar i Høgre sentralt. Da Miljødepartementet avgjorde saka skreiv dei blant anna:

Miljødepartementet mener samtidig at det ut fra den totale belastningen på Norefjellsområdet er viktig at omfanget av hyttebygginga vurderes nøye.” 

Dei brukte dette  argumentet for å redusere hyttetalet fra 600 til 420.

Det gjekk ikkje meir enn 8 år før grunneigarane kom med nye planar. Då var vurderinga til Miljødepartementet om samla belastning gløymt, og 1100 nye hytter blei godkjend utan store motforestillingar. Beskjeden frå kommunalministeren om å redusere talet på innsigelsar har passivisert fylkesmennene rundt omkring i landet.

Mange av dei nye tomtene ligg i snaufjellet opp i mot Vardefjell. Mykje flott og verdifull natur blir bygd ned for at nokre få skal få seg ei hytte.Denne prosessen er eit godt eksempel bit for bit – nedbygging av naturen. “Langsiktige planar” har ein kort tidshorisont før det blir omkamp og utvidingar.

Regjeringa pratar mykje om det “grøne skiftet” i festtalar, men det er vanskeleg å forstå kva dei legg i begrepet. Eit strøk med grønmaling på hyttene ser ut til å vera nok. Jeløyaerklæringa forsterker tanken om å styrke lokaldemokratiet når det gjeld plansaker og forvaltning av natur. Det inneber dessverre beslutningar prega av kortsiktig økonomisk gevinst og omsyn til venner og bekjente.

Tilhengjerane av ukontrollert hyttebygging spreier myten om at me har så mykje natur å ta av i Norge. Sanninga er at berre 12% av landet er i dag såkalla villmarksprega natur. Halvparten av områda ligg i Finnmark. I ei verd med stadig mindre natur er det sannsynleg at slike område vil bli ettertrakta i framtida. Det er  natur som ikkje er utvikla av ivrige utbyggjarar som vil skape WOW – effekten i framtida.

Martin Lindal – leiar Naturvernforbundet i Buskerud.