I harmoni med naturen?

I sitt svar til meg i D.T lørdag 12 oktober skriv Sven Røgeberg: “Naturvernforbundet tilhører en miljøbevegelse ,som har som sin store fortelling en myte om at mennesket opprinnelig levde i harmoni med naturen, og at en tilbakevending til naturen vil redde menneskeheten fra å ødelegge seg selv”

Her gjer Røgeberg ein vanleg feil. Han tillegg motdebattanten meiningar som det ikkje er dekning for. Me meiner sjølvsagt ikkje at mennesket kan gå tilbake i historien og leve i harmoni med naturen. Sjølv om mange meiner at mennesket aldri har hatt eit så godt liv, som den gang me levde som sankar og jeger, er det sjølvsagt ikkje mogeleg med det folketalet me har på jorda i dag. Når jordbruket fanga oss for 10-12 000 år sidan var  den epoken over. Etter det har me spreidd oss over alle kontinenta, og over 50% av landareala er brukt til landbruk, byar og vegar. 96% av alle pattedyr er nå enten menneske eller husdyr. Me påverkar jorda på ein måte som gjer at tidsperioden me nå lever i blir kalla antropocene, mennesket sin tidsalder. Røgeberg beskriver situasjonen om overforbruk av ressursene på ein god måte. Me er einige i at stuasjonen ikkje ser lys ut. Når eg krev handling og eit system der økologiske omsyn må overstyre kravet om stadig økonomisk vekst hevdar Røgeberg at “dette er paroler og slagord som skal dupere oss til å tro at miljø og klimakrisen kan løses bare den politiske viljen er til stede”. Eg deler ikkje hans pessimisme , det er framleis mogeleg å snu skuta. Me må ha tru på at demokratiet kan løyse dette, og sjølvsagt er politikarane nøkkelen til løysing. Problemet så langt er kanskje at folket ikkje har forstått alvoret, og stemmer inn feil politikarar. Det såkalla “grøne skiftet” kjem ikkje av seg sjølv. Me treng politikarar som tar styringa, og som ikkje spring etter veljaropinionen som skremde høns. Regjeringskrisa på grunn av bompengedebatten er eit godt eks.på dette. Med ei gigantisk oljefond på over 10.000.000.000.000 kr,har Norge ein eineståande sjanse til å vise veg. Handlingsregelen, om ikkje å bruke for mykje av fondet, har vore fornuftig. Nå ser det ut som at handlingsregelen har gjort oss handlingslamma.

I den situsajonen me har nå, vil det vera fornuftig å bruke av oljefondet for å investere i framtida. Me må satse på ny teknologi og arbeidsplassar som skal erstatte arbeidsplassane innan oljeverksemda. Forskning og utvikling av ny teknologi kan føre til at overgangen går meir smertefritt.  Fangst og lagring av karbon kan bli ein nøkkel. Det som ifølge Stoltenberg var “ den nye månelandinga” har så langt ikkje landa. Nye fangst og lagring- prosjekt er sett på vent av regjeringa. Det har me rett og slett ikkje tid til. Me kan også bruke oljefondet til å bygge jernbane og utvikje alterntive grøne energikilder.

Så langt har produksjon av ny energi blitt ete opp av auka energibruk. Me må altså sjå på energibruken vår. Stadig meir hyttebygging i fjellheimen er kanskje ikkje forenleg med å nå klimamåla. Me må i større grad enn nå bruke reguleringar og avgifter for å styre økonomien i ein retning me ønskjer. Prisen på fossilt brensel er for billig, og fører til sløsing med energi.

På grunn av fordelingsgrunnar, har det vore nærast tabu å auke avgifta på fosile brennstoff. Ei løysing på det dilemmaet kan vera å føre avgiftene tilbake til befolkinga, likt per innbyggjar – karbonavgift til fordeling. Dersom veljarane ved neste korsveg har forstått problemet og veljer dei rette politikarane har me ennå tid til å endre kursen. Det er meir enn 30 år sidan at økofilosofen Nils Faarlund konkluderte med at det er for seint å vera pesimist.

Me har ein jobb å gjera, og eit  moralsk ansvar for å ikkje overlate problema til neste generasjon.

Martin Lindal – Leiar Naturvernforbundet i Buskerud.