Ja, dei herjar vilt i naturen.

Torger Møller Foss deler si bekymring om moderne skogsdrift i Hallingdølen 1.8.

Han peikar på at dyr og fuglar forsvinn, og at store ressursar går til spele. Han seier at det er kortsiktige økonomiske hensyn som styrer skogsdrifta. Dette er ei bekymring me fullt ut deler med han. Skognæringa har fått alle fullmakter til å styre skogsdrifta sjølv. Dei registrerer naturverdiene, dei utfører hogsten, og kontrollerer seg sjølv i etterkant. Det offentlege er ein passiv tilskodar til det heile. Skogbruksloven skal forvaltast av kommunen, men i praksis er det regelverket PEFC norsk standard som blir brukt, og skogbruksjefen lener seg på næringa si uttale. Dersom ikkje skogbruksjefen finn noko å utsetje, noko han sjelden gjer, har me ingen klagerett.

I Nedre deler av Buskerud er det mykje kalkskog. Slike skogar har ofte eit rikt biologisk mangfold.Miljødirektoratet sette i gang kartlegging av fleire kalkskogar i Eiker og Modum.Registreringar blei gjort, men før resultatet var publisert blei fleire av dei kartlagte skogane hogd.

Eit av områda ville, utan hogsten, fått høgaste vurdering -” internasjonalt verneverdig”.

Det mest provoserande ved dette er at det er fullt lovleg. Den private eigedomsretten  har blitt ei hellig ku.

 Det kjem stadig nye rapportar om tap av biologisk mangfold. Insektbestanden er kraftig redusert dei siste 30 åra, og mange dyreartar har minkande bestand. Artsdatabanaken har 1122 arter som er knytta til skog. Den største trusselen mot desse er habitatendringar knytta til moderne skogdrift. Funn av trua arter må inngå som grunnlag for skogforvaltninga. Grunnlaget for ei god forvaltning av skogen er eit godt kunnskapsgrunnlag. At skogeigaren kan hogge internasjonalt verneverdig skog med lovverket i hand, og i etterkant selge tømmeret som miljøsertifisert, er eit godt eksempel på at systemet ikkje verkar etter intensjonen.

For at Norge skal nå nasjonale og internasjonale mål om å stanse tapet av biologisk mangfold, må eit bedre system på plass. Styresmaktene må ta styringa i mykje større grad enn i dag, noko Stortinget sin kontrollkomit peika på allereie i 2011.

Natrurvernforbundet i Buskerud – Martin Lindal.