Jon Helgheim-realist eller drøymar?

Styrelederen i fylkeslaget har svart på et innlegg Jon Helgheim (Frp) hadde i DT 17. mars

Jon Helgheim Frp.har eit innlegg i DT. fredag 17.mars. Han gleder seg over at Buskerudbypakka bli lagt bort. Han meiner at pakka var gjennomsyra av drøymarar som berre vil stikke kjeppar i hjula for bilistane. Bilen har kome for å bli er visdomsorda hans. Han er drit lei at byråkratar og vitenskapsfolk som prøver å påverke politikarane til å leggje om politikken. Dei er berre dommedagsprofetar som truar med verdas undergang. Dette er kjende tankar frå Frp. Dei har aldri teke klimaproblema på alvor. Det må vera eit tankekors for samarbeidspartia deira som har sørga for at dei sit i mange av dei vilktigaste posisjonane her i landet.

Det er ei kjenngjerning at Frp er del av ei regjering som har skrive under på  Parisavtalen.

Drammen er ei del av verda, som alle andre kommunar i verda. Me må ta vår del av utsleppsreduksjonane. Drammen er ein by som er prega av bilisme, og der luftkvaliteten  til tider er helsefarleg. Om han ikkje tek klimaproblema på alvor, burde han i det minste tenkje på dei som blir sjuke av luftforurensinga i byen.

Helgheim fornektar all forskning på området og kjem med mange påstandar som ikkje er kunnskapsbaserte. Eg skulle ønskje at Helgheim hadde rett. Det ville vore det beste, men dessverre er det ingenting som tyder på det. Alle målingar og forskning peiker i motsett retning. Klimaproblema kjem fortare enn me trudde får få år sidan. Å satse på Frp sin politikk ville bli som å setje seg i eit fly med alle barnebarna sine, dersom det berre var 98% sjanse for at det skulle ramle ned. Å karakterisere alle som baserer seg på kunnskap og forskning som drøymararar er lettvinnn retorikk frå Helgheim. Det er vel Jon Helgheim og co. som er i drøymeland. 

Martin Lindal
Styreleder i NiB