Klima – i eit sivilingeniørperspektiv

Sivilingeniør Arve Gleissner Gustavsen har eit debattinnlegg om klima onsdag.16.oktober. Han er bekymra for at ungdomen har begynt å protestere.

Han skriv:”Ungdom har blitt mobillisert i en klimabevegelse uten sidestykke i verdens  historie, styrt av noe som bærer spor av religiøs overnbevisning”. Nei, dette er ikkje religiøst, ungdomen baserer seg på råd fra klimaforskarane. Det er eit meir religiøst preg over enkelte sivilingeniørar si tru på seg sjølv.    Gleissner Gustavsen er ikkje noko unnatak,etter ei lang beskrivelse av kor ille det vil gå dersom me  innfører klimatatiltak, konkluderer han med at FN sitt klimapanel tar feil. Han hevdar at det er vanndamp og skydannelser som styrer klima. Han påstår at klimaforskarane er lite kjent med dette. Dersom Gleissner Gustavsen sit inne med ny banebrytande kunnskap om kva som styrer klima, vil eg anbefale han om å publisere dette og få det fagfellevurdert. Det kan fort ende med ein nobelpris for hans del.

 

Martin Lindal – Naturvernforbundet i Buskerud.