Klima og turkis politikk

Drammen Høyre med Ivar Bjørnøy Lalim lanserer begrepet turkis poltikk i DTBB onsdag 25.mai

Klimaproblemet ser ut til å rykke å stadig nærare inn på livet. I 2015 steig klimautsleppa med 1,5 %. Samla sett ligg utsleppa 3,9 % høgare enn 1990 nivået. Målet for 2020 er at utsleppa skal ned med 30% i forhold til 1990 nivået. Miljø og klimaminister Helgesen nøyer seg med å konstater at dette vil bli krevjande. Nasa måler havstigingar som er større enn forskarane såg føre seg, og 2015 er det varmaste året som er målt sidan målingane starta .

Det er for seint å vera pessimist sa Nils Fårlund for snart 30 år  sidan. Mykje tyder på at det er for seint å vera optimist også.

Drammen Høyre med Ivar Bjørnøy Lalim lanserer begrepet turkis poltikk i DTBB onsdag 25.mai.

Turkis politikk er ei blanding av blå og grøn politikk. Den byggjer på framtidsoptimisme, innovasjon og vekst. For meg ser det ut som gammal høgrepolitikk med ny farge. Det grøne skiftet skal skje utan at nokon merkar det. Bjørnøy Lalim skriv vidare at Drammen er ein liten stad i verden.  Men til tross for det skal vi gjera tiltak. Ja dei fleste plassar i verda er små plassar i verda. Alle må ta tak. Han skriv også at mykje er gjort allerie,  kva som er gjort, eller kva tiltak som skal gjennomførast blir ikkje konkretisert.

For meg ser det ut som at Frp får styre miljøpolitikken både i Drammen og Norge.

Det grøne skiftet liknar meir og meir på ein draum utan innhald.

Skal vi greie togradersmålet, eller helst 1,5 som Parisavtalen legg opp til må det hardare lut til.

Vi må fly mindre, køyre mindre bil, og ikkje minst må forbruket ned. Myten om stadig vekst er det største hinderet for å løyse klimaproblema. 3 % vekst i året fører til ei fordobling av forbruket etter 23 år, og ei firedobling etter mindre enn 50 år. Er det nokon  som trur at det kan halde fram utan at andre planetar må takast i bruk?

Skal dette gå bra må vi gjere drastiske endringar fort, og me må bruke både pisk og gulrot. Det er ikkje nok gulrøter i verda til at det aleine er nok.

Martin Lindal
Styreleder Naturvernforbundet i Buskerud