Klimaendringar

Torbjørn Larsen kommenterer vårt svar til han i eit innlegg 23.7 Han spør retorisk om me vil fjerne all CO2 fra atmosfæren. Kvifor han stiller dette tullespørsmålet forstår me ikkje, men svaret er innlysande – NEI!

Han tar for seg dr. Mann og hockeykølle-grafen som viser samanhengen mellom temperatur og CO2 nivået. Han hevdar at varme periodar i vikingtida og kalde periodar i middelalderen blei utelatt for å lage ei finare kurve. 

Nyare forskning viser at klimaendringar som me ser i dag ikkje har skjedd på heile planeten dei siste 2000 åra. Det er riktig at det var ein kald periode i den “lille istida” i middelalderen, men ikkje på alle stader til same tid. I det sentrale og austlege Stillehavet var temperaturen på sitt lågaste i det 15. Århundre, men det var først i det 17.århundre at det nordvestlige Europa og sydlige Nord Amerika blei på sitt kaldaste. Resten av kloden målte sin lågaste temperatur heilt mot slutten av den “lille istid”. Mot slutten av denne perioden var vulkanutbrudd ein del av årsaken til endringane. Det same gjeld dei varme periodane under vikingetida – det var ikkje eit globalt fenomen.

Det kan vera mange grunnar til klimaendringar, men eit samla forskarmiljø er enige om at det  nå er menneskeskapte klimagassar, som er hovedårsaka. Endringane me ser nå, på grunn av våre utslepp av CO2, og andre klimagassar, skjer også raskare enn tidlegare klimaendringar. Dei siste 51 åra har 98% av planeten hatt sine varmaste periodar på to tusen år. Det kjem stadig nye meldingar om nye dystre målingar.  I dag kom meldinga om at juli i år er den varmaste månaden som er målt på kloden nokonsinne.

Ein ny rapport fra den australske tenketanken Breaktrough kritiserer FN sitt klimapanel for ikkje å ha brukt modellar som tar høgde for klimaendringane si sjølvforsterkande og eksponentielle utvikling. Behovet for systemendring presser seg stadig sterkare på. Utfordringane er nå så store at CO2 utsleppa må halverast dei neste ti åra. Dessverre er me ikkje på rett kurs. Globale utslepp,inkludert norske, auka til nytt rekordnivå i 2018.

Larsen er bekymra for ungdomen som blir psykisk sjuke av å få informasjon om klimakrisa. Me trur kanskje at ungdomen blir meir bekymra av at det er så mange som framleis nektar å sjå problemet. Istaden for å ha debatt om at klimaendringane er reelle, og om dei er skapt av vår levemåte, burde me diskutere kva me må gjera for å løyse problemet. Ungdomen krev handling.

Besteforeldrenes klimaaksjon –  Elisabeth Briseid

Naturvernforbundet i Buskerud – Martin Lindal