Møte med Statskog i Kongsberg

Korleis kan vi ta betre vare på naturverdiane i statens skogar? Det var eit sentralt spørsmål då Naturvernforbundet og andre miljøorganisasjonar møtte Statskog i Kongsberg 22. september.

Statskog har kvart år møte med dei sentrale miljøorganisasjonane for å diskutere aktuelle spørsmål om skogforvaltning, naturvern og friluftsliv. I år vart møtet lagt til Kongsberg, og dei lokale naturvernlaga fekk høve til å delta.

Statskog stilte med Asbjørn Hagen, Eirik Anstensrud, Ola Eian og Øystein Skjelbred. Sabima var representert ved Elna Bastiansen og Ellen Ribeiro, Zero ved Amalie Lundvold og Natur og Ungdom ved Lina Haug. Frå Naturvernforbundet deltok fagsjef Holger Schlaupitz, Øyvind Stranna Larsen frå Kongsberg lokallag og Martin Lindal, leiar i fylkeslaget.

Kulturminne og naturvern ved sølvgruvene

Dagen starta med ei omvisning i området rundt sølvgruvene. Her finst både verdifulle kulturminne og viktige naturområde.

Dammar og renner frå gruvedrifta er bygde av tre, stein og torv. Statskog har ansvar for vedlikehaldet, som er omfattande. Det er stadig lekkasjar i dammane, medan trerennene over tid vil rotne. Også andre kulturminne i området treng vedlikehald.

Det er planar om å utvide Barmen naturreservat slik at dette området blir inkludert. Statskog er opptatt av at vernet ikkje skal skape praktiske problem for restaureringsarbeidet.

Naturvernforbundet meiner dette kan løysast gjennom føresegner i verneforskrifta. Området har store naturverdiar og rikt biologisk mangfald, og bør derfor bli ein del av naturreservatet.

Lukka hogst i furuskog

Etter lunsj gjekk turen til eit område der Statskog prøver ut såkalla lukka hogst i furuskog. Berre ein mindre del av trea er tekne ut, med mål om naturleg forynging og betre vekst for trea som står igjen.

Ei utfordring er at gran kan få overtaket. Gran toler mindre lys enn furu, og i området vart det observert enkelte unge grantre, men ingen nye furutre frå dei siste åra.

PEFC-standarden har som mål å auke bruken av lukka hogst, og Statskog har ei målsetjing om at minst 10 prosent av hogsten i deira skogar skal vere lukka. Statskog legg mellom anna vekt på friluftsinteresser når område blir valde ut.

Naturvernforbundet meiner lukka hogst bør brukast meir, men understrekar samstundes at hogstforma må vurderast ut frå kva som faktisk skjer med naturen over tid. I naturskog bør flatehogst unngåast.

Lokale saker frå Kongsberg

Møtet vart også brukt til å ta opp fleire lokale problemstillingar.

Kongsberg lokallag har i fleire år arbeidd for at store orienteringsløp, som Pinseløpet, ikkje skal arrangerast i hekke- og yngletida.

Øyvind Stranna Larsen tok også opp ein lagringsplass for massar som Statskog har etablert, og hogst av lauvskog i nærleiken av ein beverlokalitet.