Naturvernforbundet i tingretten

Naturvernforbundet i Buskerud har anmeldt Viken Skog for hogst av eit hønsehaukreir i Krødsherad.
Saka kom opp i Tingretten 4. sept. Aktor har lagt ned påstand om eit gebyr på 500.000 kr.
Thor Erik Jelstad var i vitneboksen og vitna om kva som hadde skjedd. Til tross for fleire meldingar til Viken om reirplasseringa enda det likevel med at reiret blei hogd. Det tyder på for dårlege rutinar i slike saker. Odd Frydenlund Steen var innkalla som sakkyndig på hønsehauk, og kunne fortelje om nedgang i bestanden av hønsehauk på grunn av omfattande hogst i gammal skog.
Saka blei utsett til 13. oktober på grunn av at aktor ønskte å leggje fram eit nytt bevis i saka, eit flyfoto som viser hogsten i forhold til reirplasseringa. Forsvararen godtok ikkje at dette blei lagt fram utan at forsvaret og Viken Skog hadde fått førebudd seg.
