Norsk skogbruk – bukken og havresekken

Det manglar ikkje på gode lover og forskrifter for forvaltning av naturverdiar i skogen vår. Manglande offentleg styring og kontroll gir i praksis skogbruksnæringa stor fridom til å kontrollera seg sjølv. Då taper naturverdiane og mangfaldet i naturen overfor sterke økonomiske interesser. Mange saker frå Buskerud dei siste åra viser at det er behov for langt sterkare styring frå offentlege styresmakter.

Naturvernforbundet i Buskerud har dei siste åra hatt mange klager på hogstar rundt omkring i fylket. Erfaringane så langt viser oss at skognæringa har all makt over skogforvaltninga.

Dei kartlegg miljøverdiane, utfører hogsten, og kontrollerer seg sjølv i etterkant. Offentlege styresmakter har ei passiv rolle.

Naturverdiane er i teorien godt beskytta av ulike lovverk. Naturmangfoldlova vernar dyrelivet i yngletida, men har ein unntaksbestemmelse om næring. Dette fører til at skognæringa kan drive hogst året rundt, sjølv midt i hekke- og yngletida om våren. Det seier seg sjøl  at omfattande flatehogst med store maskinar på denne tida av året, fører til store tap av biologisk mangfald og store lidingar for dyrelivet.

Lov om skogbruk – og berekraftforskrifta knytta til denne – er eit annna lovverk som skal ta vare på verdiane i skog. I forskrifta står følgjande:” Ved gjennomføring av skogbrukstiltak skal skogeigaren sørgje for at verdiane i viktige livsmiljø og nøkkelbiotopar blir tekne vare på i samsvar med retningslinene i Levende Skog.” Under §18 straff, heiter det: “Den som forsettleg eller aktlaust bryt eller medverkar til brot på føresegnene i denne forskrifta blir straffa med bøter eller fengsel i inntil eitt år, jf. § 22 i skogbrukslova.”

Når Naturvernforbundet sender ei klage på hogst til kommunen, endar det som regel med at kommunen ikkje tar klagen til følgje. Skogbruksjefen har ofte andre briller på enn oss, og lovverket er tøyeleg. Det betyr i praksis at saka stoppar her, vurderinga til skogbruksjefen er endeleg. Klagerett til Fylkesmannen fell bort fordi kommunen ikkje fattar eit enkeltvedtak.

Særleg alvorlege saker har me derfor anmeldt. Me har anmeldt hogst av nøkkelbiotop, hogst på eigedom utan miljøregistrering, hogst av tiurleik, hogst av den trua laven huldrestry, og hogst av kantsone langs elv. Nøkkelbiotop er eit avgrensa område med  viktige livsmiljø i skog, og det er plukka ut i forbindelse med miljøregistreringa, som skogeigarane  må gjennomføre.

Å hogge ein nøkkelbiotop skulle vera eit klart brot på skogbrukslova, likevel blei saka henlagt fordi påtalemakta meiner at Skogbrukslova sin bestemmelse om straff ikkje kan brukast på det anmeldte forholdet.

Hogst av kantsone langs elv er også brot på vannressurslova, og burde såleis vera ei enkel sak å avgjere. Den blei liggjande hos påtaleansvarleg til den var forelda.

Dei andre sakene har heller ikkje ført til straffereaksjon.

Det har i den siste tida blitt avdekka at bare ein brøkdel av miljøverdiane i skog blir registrert ved skogbruket sine MiS-registreringar. Miljøregistrering i skog (MiS) blei laga etter eit initiativ fra skogeigarane og Landbruksdepartementet. Landbruksdepartementet ønska ein metodikk som næringa sjølv kunne bruke.

Det blei ein heftig debatt om metodikken. Sabima og biologane frå Siste Sjanse meinte at registrering av artar skulle vera med som støtte til å identifisere og verdisette dei viktigaste livsmiljøa. Slik blei det ikkje,  og stemninga blei ikkje mindre amper da Landbruksdepartementet bestemte at berre skogbruksplanar som hadde brukt Mis-metodikken skulle få tilskot.

Miljødepartementet var sterkt ueinig i valet om å utelukke andre kartleggingsmetodar, men blei avvist. Dermed hadde Landbruksdepartementet saman med skognæringa tatt kontroll over miljøforvaltninga i den norske skogen, med ein katleggingsmetode som ifølgje dei sjølv var objektiv og etterprøvbar.

Karleggingsarbeidet startar med registrering av nøkkelbiotopar og naturtypar.

Dei utvalde områda blir lagt ut på kartbasen Kilden.

Naturvernforbundet brukte dette verktøyet, saman med flyfoto, og sjekka status i to tilfeldige kommunar i Buskerud. Det viste at 12 nøkkelbiotopar var heilt eller delvis hogd. Skogbruksjefane sende sakene vidare til Viken Skog SA. Svara Naturvernforbundet fekk etter bortimot fire månader var ikkje tilfredsstillande, og me ba Viken om ytterlegare informasjon. Svaret fra Viken var: “Viken Skog SA kan ikke gi ytterligere informasjon i saken. Viken Skog SA er ikke å regne som rett virksomhet i samsvar med §5 i lov om rett til Miljøinformasjon”.

Naturvernforbundet vurderte det slik at Viken har ei sentral rolle i forvaltninga av nøkkelbiotopar

og sende ei klage til Klagenemda for Miljøinformasjon. Vedtaket i nemda var klar:

“Viken skog SA pålegges å gi klager informasjon om de faglige vurderingene og begrunnelsen i utvelgelsesprosessen knyttet til den aktuelle MiS-figuren, om det er oppretttet erstatningsbiotop og hvilke virksomheter og organer som har vært involvert i beslutningen.”

Svaret frå Viken var ikkje tilfredstillande, og me sende saka til Miljøklagenemda på nytt. Me ba dei vurdere om svaret fra Viken var dekkande i forhold til Miljøinformasjonslova.

Vedtaket var ei klar støtte til oss om at informasjonen me hadde fått ikkje var dekkande.

Til tross for to vedtak i Miljøklagnemda har me ennå, etter halvanna år, ikkje motteke ei forklaring fra Viken som tilfredstiller begrepet etterprøvbarhet. Næringa gir i fra seg minst mogeleg informasjon, og skogbruksstyresmaktene er passive tilskodarar.

Vår konklusjon er derfor at forvaltninga av skogbruket er overlatt til det private næringslivet. Alt er basert på dei private sertifiseringssystema Norsk PEFC Standard, eller FSC. Kontrollen er intern, og fungerer i praksis meir som eit system for grønvasking, slik at tømmeret kan seljast som miljøsertifisert tømmer.

I mange saker dei siste åra har Naturvernforbundet sett eit klart behov for å styrka den offentlege kontrollen med skogbruksnæringa. Det er behov for å gå gjennom både lovverk, forskrifter og retningslinjer for tilsyn og kontroll for å sikra tilstrekkeleg omsyn til naturverdiar og mangfald.

 

Martin Lindal – Naturvernforbundet i Buskerud.