Overivrige naturvernarar?
Hallingskog og Viken skog er oppe til eksamen 22.5. Dei får toppkarakter for ein hogst i Garnås, og feirar med blautkake og sjølvskryt i Hallingdølen. Regelverket var følgd til punkt og prikke.
Skogbruket har romslige rammer innafor eit tøyeleg og lite strengt regelverk.
Skogsdrifta i dag liknar lite på det som blir beskrive i boka “Rikere skog” som Norges Skogeierforbund ga ut i 1991. I forordet kan me sitere følgjande: “Norges Skogeierforbund yter et viktig bidrag gjennom boka “Rikere skog”. Den viser hvordan du kan legge og biotoper til grunn for skogbehandlingen. Vi har fått auka innsikt i hvordan skogbehandlingen påvirker dyr, planter, jord og vann, og det er nå viktig å omsette denne i handling.
Nå er det skogbrukets ansvar å ta kunnskapene i bruk. Skogbrukets utfordring i framtida er å vise at vi klarer å produsere kvalitetsprodukter og at vi klarer å gi mennesker, planter og dyr et godt livsmiljø i skogen.”
Dette har i ettertid vist seg å vera rein propaganda.
Som i det meste ellers i samfunnet er det økonomi, og ikkje økologi som er styrande.
Hensynet til økonomi overkjører alle hensyn til plante og dyreliv.
At det er lovleg å drive flatehogst med store maskiner midt i yngletida utan skikkeleg kartlegging er eit godt eksempel på effektiv lobbyvirksomhet. “Alle” trur på forteljinga om at dette er einaste måten å drive på. Når Angela Merkel var miljøvernminister i Tyskland la ho ned forbud mot flatehogst. Dette har vist seg å gi betre økonomi for skogeigaren og betre kår for plante og dyrelivet. Det gir også betre tømmerkvalitet enn det ein får med dagens plantasjeskog.
Etter det har Nederland følgd etter, og i kommuneskogane i Oslo er det heilt slutt på flatehogst.
På spørsmål frå journalisten i Hallingdølen om kritiske røyster svarer næringa: “Norsk skogsdrift er ingen cowboybransje. I enkelte områder er det overivrige naturvernarar som fotfølgjer oss for å finne feil og gløymer heilskapen i skogsdrifta.”
Me reknar med at underteikna er blant dei næringa har i tankane her. Me synes at dette er ei veldig lettvint forklaring. Det er akkurat heilskapen me er opptatt av.
Det tikkar stadig inn meldingar frå folk som reagerer på skogsdrifta rundt omkring. Veldig mange av desse ber om å få vera anonyme. Dersom det blir kjent at dei har tatt kontakt med Naturvernforbundet vil ”bygdedyret” lage det utriveleg for dei.
Nivået på kvaliteteten av kartlegginga må opp mange hakk. Ein gjennomgang av viltkartet i Nes viser at det bare er registrert ett hønsehaukreir i kommunen – eit me sjølv har funne. På den store skogeiendommen til Gudbrand Gulsvik kan me ikkje sjå at det er avmerka ein einaste tiurleik. Det er lite truleg at dette stemmer og viser at verdiar som næringa skal ivareta går tapt på grunn av manglande kartlegging. Det held ikkje å setje igjen eit avkappa grantre på ei hogstflate.
Bildet under viser eit hønsehaukreir på ei hogstflate i Todalen. Den er på fleire hundre dekar og midt på flata dukka plutseleg reiret opp. Fuglen har sjøvsagt forlate reiret. Om egg eller ungar ligg igjen er det ingen som veit.
Dette er etter regelverket. Reiret var ikkje registrert og lagt inn i naturbase av overivrige naturvernarar, og næringa kan derfor toe sine hender. Me synes at ein skogeigar som vil hogge bør rusle litt rundt i skogen og bli kjent med dei som bur der. Det må vera eit minstekrav.
Hogstflata i Todalen er planlagt til hjorteoppdrett.
Det er vanskeleg å forstå at området passar til dette. Det er ikkje lenger le og skjul for hjorten. Det er tørr og skrinn furumark, og beitegrunnlaget er dårleg. Området passar kanskje betre til kameloppdrett?
Thor Erik Jelstad
Per Furuseth
Martin Lindal