Øydeleggjing av myr, Vegglifjell

Myr har mange viktige funksjonar i naturen. Myr er rasteplass for fuglar, levestad for mange planter og dyr. Myr dempar flom, reinsar vatn og lagrar store mengder karbon. Myr kan også vera ein stad for naturoppleving.

27.7.2021 stod dette innlegget i Laagendalsposten: 

Mens styresmaktene brukar mange millionar i året på å restaurere myr, blir myr øydelagt i stor skala rundt omkring i landet. Hyttebygging, vegbygging og skiløyper fører til at det forsvinn mykje meir myr enn det som blir restaurert. Framleis blir det  brukt torv fra myr i hageprodukt.

Sjølv om bevaring av myr har fått stor merksemd dei siste åra, lar styresmaktene denne bit for bit nedbygginga halde fram. Det er liten vilje til å ta meir kraftfulle grep for å hindre dette. Bildet under er fra  Dalsethaugen på Vegglifjell. Bildet viser ei hyttetomt midt i ei myr.

Hyttetomt Dalsethaugen, Vegglifjell. Foto: Naturvernforbundet

Graving i myr fører til store karbonutslipp. Myra har lagra karbon så lenge den har eksistert. Ein reknar med at ei myrdjupne på 1m representerer lagring av karbon i 1000 år. Er myra 10m djup har den altså lagra karbon sidan istida.Sidan myrene er suverene karbonbindarar, kan det å la dei ligge i fred, hjelpe oss i kampen mot menneskeskapte klimaendringar. Myrjord, eller torv, er faktisk den mest effektive karbonbindaren av alle jordtypar.

Det er derfor viktig å ta vare på myr.  Det er lite som tyder på at lokalsamfunna er i stand til å ta dette ansvaret. Hyttebygging, skiløyper og sykkelvegar  ser ut til å vera viktigare. Det er derfor viktig at me får på plass eit  lovverk som ivaretar myr i større grad enn i dag.

 

Naturvernforbundet i Buskerud – Martin Lindal