Øydeleggjing av myr
Mens styresmaktene brukar mange mill.i året på å restaurere myr blir myr øydelagt i stor skala rundt omkring i landet. Hyttebygging, vegbygging og skiløyper fører til at det forsvinn mykje meir mye enn det som blir restaurert.
Framleis blir det også brukt torv fra myr i hageprodukt. Sjølv om bevaring om myr har fått stor merksemd dei siste åra, lar styresmaktene denne bit for bit nedbygginga halde fram. Det er liten vilje til å ta meir kraftfulle grep for å hindre dette. Bildet under er fra eit hyttefelt i Natten i Nesbyen. Det blir bygd veg midt gjennom ei myr. Graving i myr fører til store karbonutslipp. Myra har lagra karbon så lenge den har eksistert. Ein reknar med at ei myrdjupne på 1m representerer lagring av karbon i 1000 år. Er myra 10m djup har den altså lagra karbon sidan istida.
I tillegg til å vera eit viktig karbonlager har myra andre viktige funksjonar. Den er ein effektiv flomdempar og reinskar vatn. Den er også ein viktig levestad for mange planter og dyr, og ein rasteplas for mange trekkfuglar. Myr kan også vera ein stad for naturopplevingar.
Det er derfor viktig å ta vare på myr. Det er lite som tyder på at lokalsamfunna er i stand til å ta dette ansvaret. Hyttebygging og nye sykkelvegear er viktigare. Det er derfor viktig at me får på plass eit lovverk som beskyttar myr i større grad enn i dag.
Naturvernforbundet i Buskerud – Martin Lindal