Politisk kamp om jakt og fiskebuer i utmark.

Frå grunneigarhald er det eit konstant trykk på å svekke overordna lovgiving i utmark som også gjeld for grunneigarar. No mobiliserer skogsamvirket Norskog, så langt i samarbeid med eit lokalt Høgre-lag i Hallingdal og ein stortingsrepresentant frå Buskerud. Målet er at ein kvar grunneigar med jakt/fiskerett skal ha rett til å sette opp jakt- og fiskehytte.

Sidan jakt skjer «over alt» og fiskevatn er tallrike og mange av dei har fleire eigarar, opnar dette for ei ny bølge med vidspreidt hyttebygging i urørt eller nær urørt natur.

For allmeintas friluftsliv betyr det slutten på den tida ein kunne oppsøkja fiskevatn utan private hytter attmed, og jakthytter vil dukke opp kvar som helst. I kjølvatnet må ein rekne med krav om at slik rett også skal innebere rett til vegutløysing. Samstundes veit vi at stadig nye inngrep i naturareal er viktigste grunnen til tap av biologisk mangfald.

Saman med eit par lokale høgrelag i Hallingdal har stortingsrepresentant Ørmen Johnsen (H) hatt møte med kommunalministeren. Bodskapen er at kapitalisering av utmarksressursane, som blant anna jakt og fiske, burde vera ein naturleg del av driftsgrunnlaget for  relativt små gardsbruk i distrikta. Dei bruker ein konflikt om ei ulovleg fiskebu i Hallingdal som brekkstang for å mjuka opp regelverket. Ein grunneigar har sett opp ei fiskebu ved eit vatn der han deler fiskeretten med tre andre grunneigarar,  og der dei har ei felles fiskebu. Fiskeressursen som kan haustas er sterkt begrensa. Både Fylkesmannen og kommunale styresmakter har konkludert med at bua må rivast. Sjølv hevdar vedkomande at bygget er lovleg fordi det er eit mindre bygg som er knytt til landbruksdrift.

 

Regjeringa har i praksis endra innstituttet for motsegn radikalt allereie. Klageinstansen i plansaker er flytta frå Klima- og Miljødepartementet til Kommunaldepartementet, fylkesmennene har fått (eit) direktiv om å redusera talet på innsigelsar, og departementet har styrka det lokale sjølvstyret i saker som gjeld arealforvaltning. I følgje Riksrevisjonen har alt dette ført til ein drastisk reduksjon i talet på innsigelsar. Naturen står igjen som taparen.

Dei siste åra har det kome meldingar om store reduksjonar i bestanden av både virveldyr og insekt. WWF (World Wildlife Found) kom med ein rapport i 2015 som viste at virveldyrgruppene er redusert med ca. 40 % dei siste 40 åra. Studiar frå Tyskland viser at det har blitt om lag 50 % færre insekt i løpet av dei ti siste åra. Det er ingenting som tilseier at ikkje trenden er den same i Norge. Det er fleire årsaker til at faunaen blir mindre mangfaldig, men hovedgrunnen er nedbygginga av naturareal.

Det er gjennom fleire år blitt meir og meir nedbygging av norsk natur etter bit for bit-prinsippet, utan overordna kontroll på kva vi mistar og kva vi har igjen. Det er nå bare små lommer av natur igjen, som ikkje er tydeleg påverka av menneskeleg aktivitet. Med minkande inntekter frå primærnæringane har svaret vore å satse på hyttebygging. Fleire hytter fører til auka press på mangfaldet i naturen.

Ei endring av regelverket vil forsterke denne trenden. For å aktualisere problemstillinga kan me ta eit eksempel fra eit sameige i Hallingdal. Området er på 126.000 mål. Her er det eit felleskap for jakt og tilsvarande for fiske.

Det er 129 personar som har jaktrett, og 131 som har rett til fiske. Dei fleste har rett på begge delar. Området er på 126.000 mål. Det er vanskeleg å sjå for seg, men i praksis vil ei endring av regelverket, slik Høgre og Norskog ønskjer (det), føre til at alle desse vil ha rett på ei jakt/ fiskebu. I tillegg vil det også bli eit stort behov for båthus.

Dersom denne endringa får gjennomslag vil det føre til ei ukontrollert nedbygging av utmark, rammer det friluftslivet og gir store tap av biologisk mangfald. Dette er ikkje ei berekraftig forvaltning av utmarka. Skal me ha ein natur med eit rikt dyre- og planteliv i framtida, må politikarane forstå at dei må prioritere på ein annan måte. Dette er sneversynt politikk, der dei som ropar høgast får viljen sin. 

Maren Esmark, generalsekretær Naturvernforbundet
Martin Lindal, Naturvernforbundet i Buskerud