Ringeriksbanen – eit betre alternativ

Hallingdølen har 15.mars eit oppslag om status for Ringeriksbanen. Saka er illustrert av eit flott bilde, med grøne plenar som ser ut som ein golfbane. Samfunnsmåla for prosjektet er å få fleire til å reisa kollektivt og å bidra til effektiv, sikker og miljøvennleg transport for reisande mellom Oslo- Hallingdal og Bergen, heiter det i Hallingdølen. Naturvernforbundet meiner at firefelts motorveg parallelt med jernbanen neppe er det beste verkemiddelet for å få fleire til å reise kollektivt.

 

Naturvernforbundet er i mot bygginga av motorveg og vil at det skal greiast ut eit nytt alternativ for jernbanetrasé. Realisering av eksisterande prosjektplanar, med motorveg og jernbane gjennom eit verna våtmarksområde, vil føre til store klimautslepp og vera veldig skadeleg for alt liv i området. Det er tungetale å kalle det eit miljøprosjekt.

Alle store prosjekt har eit krav om konseptvalutgreeing. Ringeriksbanen er eit unntak.

Det betyr at me ikkje har fått ein god gjennomgang av alternative løysingar.

Den tidlegare vedtatte traséen over Åsa har mindre miljøutfordringar. Eit anna alternativ kan vera  å koble banen opp med Gjøvikbanen som treng opprustning.

Styresmaktene har eit mål om å flytte 30% av godstrafikken over på bane og sjø.

Allikevel er Ringeriksbanen ikkje dimensjonert for godstransport, samstundes som trailerane får splitter ny motorveg parallellt med jernbanen. Her er det nokre logiske bristar, verkemidla harmonerer ikkje med målsetjingane.

 

Motorveg med 2/3 felt

Mæleren: Her skal motorveg og jernbane krysse. Det er 100m ned til fast grunn på Mæeleren. Foto: Martin Lindal.Regjeringa Solberg, med Frp i Samferdselsdepartementet vedtok at nye motorvegar til vanleg skal ha fire felt med fartsgrense på 110 km/t.  Det blei den nye vegstandarden for mange prosjekt rundt omkring. Dette har vist seg å ha store  negative konsekvensar for både klima og natur. Erfaringane har ført til at NAF, Noregs bondelag og Naturvernforbundet saman har skrive eit brev til samferdselsministeren der dei ber om ein revisjon av vegnormalen. Hovedinnhaldet er at trafikkmengda bør vera større enn kravet i dag, før kravet om firefeltsveg slår inn. Me har god fagleg dekning for å at ein 2/3 felts veg med 90 km/t fartsgrense er eit godt alternativ. Det krev  mindre areal, har betydeleg mindre økologisk fotavtrykk og er langt billigare å bygge. Det er berekna at me har eit etterslep på vedlikehaldet av riks- og fylkesvegar på rundt 100 milliarder kroner. Endring av vegnormalen vil frigjere midlar til vedlikehald og utbetring av desse vegane.

 

Kva nå?

Seniorrådgjevar Knut Arne Gurigard i Regionrådet konkluderer i Hallindølen med at nå har “Nye Veier gjort sitt”. Nå er det opp til politikarane.

Naturvernforbundet oppmodar politikarar i alle parti til å revurdere gigantomanien til Solberg-regjeringa. Nå må ny trase for Ringeriksbanen vurderast, og vegen må koblast  frå

jernbanen. Det er ikkje behov for ein firefeltsveg motorveg som hytteveg til Hallingdal. Ein fleksibel 2/3 felts veg, der ein bruker mest mogleg av eksisterande vegnett vil vera eit godt alternativ. I mellomtida kan pengar brukast til å forbetre jernbanen vest for Hønefoss. Her trengs det også kryssingspor og utbetringar blant anna for godstrafikken. Med dette alternativet blir det også økonomi til å bygge dobbeltspor mellom Voss og Arna.

 

Naturvernforbundet i Buskerud – Martin Lindal.