Skogbruk og naturvern.

Anders Bye Røren svarer 22.09 på min kommentar til Hans Asbjørn Sørli frå Skogeigarforbundet. Eg trur Røren dessverre representerer ei allmenn oppfatning av naturvern i bygdenorge.

Eg er sjølv oppvaksen i ei bygd på vestlandet, og har levd mesteparten av livet i ei lita bygd på austlandet.  Blant «folk flest”- kven nå det er- blir naturvern  sett på som plunder og heft,  og  ei bremse på utviklinga. Utvikling blir oppfatta som eit positivt begrep, og naturvernarane blir sett på som brysomme når me ønskjer å stansa eller gi utviklinga ein annan retning.Naturvern kan dei drive med i nabobygda.

Rapportar fra fjern og nær om reduserte bestandar av både flora og fauna bør likevel gjera inntrykk på alle. Det er stor enighet blant fagfok om at det er menneskeleg påverknad som er hovedårsaka til det meste av dette. Det blir snakka om “den sjette utryddinga” – det har vore fem store masseutryddingar før-, og at denne geologiske perioden bør kallast antropocene – mennesket sin tidsalder, fordi mennesket påverkar livet på jorda i så stor grad.

Røren meiner at mennesket må ha førsteprioritet, men ein stor reduksjon av pollinerande insekter fører til redusert matproduksjon i verda. Reduserte insektbestandar har altså negative konsekvensar for mennesket. Slik er det i andre samanhengar også. Me er avhengig av naturen uansett.

Ein stor del av dyre- og plantelivet lever i skog, og det er derfor nødvendig å drive skogsdrift som tar hensyn til dette. Me har lite gammal skog, – under 1,5% som er meir enn 150 år.Det er derfor ekstra viktig å ta vare på desse. Gamle skogsområde er levestad for arter som berre kan leve der.

Røren hevdar at Naturvernforbundet er betalt for å motarbeide skogsdrift. Det var nytt for meg, eg har stort sett berre utgifter. Eg har ikkje fem øre i lønn, -og  eg som ikkje er religiøs,  har  heller ikkje håp om lønn i himmelen. Det er bekymring for framtida til barn og barnebarn som gjer at eg bruker store deler av tida mi på naturvernarbeid.

Naturvernforbundet har fleire mål med arbeidet vårt med skog. På lang sikt ønskjer me å endre regelverket for hogst. Store flatehogstar er ikkje framtidsretta, og bør ikkje vera  lovleg i framtida.Mange land har slutta med dette, har god inntjening og betre kvalitet på virket. Angela Merkel la ned forbud mot flatehogst i Tyskland på åttitalet – med stor suksess. I Oslomarka er det og innført plukkhogst i all  kommuneskog. Unnataket kan vera plantasjeskog som er flatehøgd før,- dei har liten biologisk verdi.

På kort sikt ønskjer me å verne dei mest verdifulle områda, og få skogeigarane til å følgje sitt eige regelverk ved drift. Me ønskjer også at det blir avsett større hensynssoner rundt sårbare og trua arter enn i dag. Det blir også hogd unødvendig mykje lauvvirke som blir liggjande til kompostering i skogen eller på lunneplassen.

Røren hevdar vidare at me bruker alle tenkelege argument for å hindre bygging av skogsvegar. Han hevdar at han har forskning frå Varaldskogen som viser at veg gjennom tiurleik ikkje har negativ påverknad på tiuren. Dette er ein påstand han ikkje har dekning for. Påstanden må gå inn i kategorien rør fra Røren.

Det blir bygd svært mange skogsvegar rundt omkring. Naturødeleggelsen og kostnadane samsvarar ofte ikkje med verdien av tømmer som skal  hentast ut. Bildet viser ein slik veg. Det er ein ulovleg bygd veg i Buskerud. Det er gjort uopprettelege skadar på myrområder. Den vesle tømmermengden som finst her kunne ein enkelt tatt ut vinterstid på frosen mark utan spor etter seg.

Røren konkluderer med at skognæringa er ei viktig næring, og at det er aukande etterspørsel etter virke. Han bruker Jørann Persson som sanhetsvitne på at det er berre å køyre på.

Han konkluderer med at skogen er fornybar og at det ikkje er så farleg at feil blir gjort. Det er rett at skog er fornybar, men utrydda arter er ikkje fornybare. Det blir viktig å ha fleire tankar i hovudet også i framtida, naturvernarane får nok å gjera framover også.

Martin Lindal – leiar naturvernforbundet i Buskerud.