Skogens klimapakke

I Klassekampen 14.7 skriv Ida Aarø i Skogeigarforbundet om skogbruket si rolle i klimaarbeidet. Ikkje overraskande er konklusjonen at me må hogge meir for å redde klimaet. Ho viser til ny forsking frå Sverige, men viser ikkje til forskarmiljø.

Frå Finland kom det nettopp ein ny rapport frå ei finsk forskargruppe leia av det finske forskingsinstituttetArtikkelen publisert i Klassekampen. Foto: Martin Lindal LUKE. Gruppa har gått gjennom forsking om korleis hogst virkar inn på karbonlagring og karbondioksidutslepp. Konklusjonen er at auka avverknad fører til redusert karbonlagring i minst 100 år. Både i regnskogar i Amazonas og granskogar i Norden minskar karbonlagringa tydeleg i lang tid når avverknaden aukar. Det er rett at dersom tre kan erstatte t.d. betong så kan det vera positivt for klima, men slike reknestykke tar sjeldan med heile bildet.

Aarø skriv at alt som er laga av olje kan lagast av tre. Det er kanskje i teorien rett, men i mange tilfelle lite energieffektivt.

Så mykje som 80% av karbonet i skog kan ligge i jordsmonnet og sopphyfene til mykhorizzasoppane. Ved flatehogst blir dette øydelagt og råtesoppen overtar og omdanner dette til CO2 som slepp ut i atmosfæra. Dessutan blir det meste av tømmeret til kortliva produkt. Det gjeld 75% av tømmeret i Sverige. Det er ikkje grunn til å tru at talet er mykje annleis her i landet.

Det er også viktig å ha i tankane at me har både ei klimakrise og ei naturkrise. Me har hatt store tap av biologisk mangfald dei siste 50 åra, og nær halvparten av dei trua artane lever i skog. Nær 90% av dei er negativt påverka av hogst.

Aarø skriv at produksjon av tømmer kan gjerast på måtar som tar omsyn til naturmangfald og friluftsliv. Det er rett, men da må skogbruket endre praksisen sin. Dei følgjer i liten grad intensjonen i skogbrukslova og sitt eige regelverk Norsk PEFC skogstandard. Der står det tydeleg at ein skal vurdere omsynet til både biologisk mangfald, friluftsliv og økonomi når hogstform skal veljast. Sjølv i populære friluftslivområde blir det brukt flatehogst, og i mange tilfelle blir det heller ikkje rydda skikkeleg på dei mest brukte stigane. Me opplever også at det ofte er brot på kravpunkta som gjeld kantsone, livsløpstre og omsyn til trua artar.

Det er forståeleg at Skogeigarforbundet vil framsnakke eiga næring, men det blir heilt feil å framstille hogst som eit klimatiltak. Det “grøne skiftet” til skognæringa er å lage monokultur av dei levande naturskogane me har igjen, noko som fører til at me grev oss enda djupare ned i naturkrisa landet og kloden er midt i. Samstundes gjer klimaendringar at monokultur av gran er lite framtidsretta.

Professor Vigdis Vandvik viser i Morgenbladet 3-9.juni til ei global metaanalyse som viste at fleire treslag saman gir betre tilvekst og høgare karbonbinding. Attpåtil gjorde Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM) nylig ei vurdering av klimaendringers påverknad på norsk skog, og tilrådde ei forvaltning med langt meir variasjon i skogen.

Det er viktig at næringa greier å endre seg, og ta innover seg at me har både ei klima- og naturkrise. Tida for omfattande flatehogstar og monokultur av gran må vera over. Å framstille auka hogst som eit klimatiltak er villeiande propaganda.

 

Martin Lindal- leiar Naturvernforbundet i Buskerud